Bergens Tidende

Signingsfe­rd

-

HADDE EG HATT førarkort, ville eg kjøpt meg ein elbil. Avgiftsfri­tt, momsfritt, bompengefr­itt, parkerings­fritt, køfritt. AEresgjest på ferja til Utbjoa. Miljømedvi­t og berekraft. Og gratis straum.

Hadde eg hatt førarkort og pengar, skulle eg kjøpt meg ein el-suv. Sport Utility Vehicle, om eg må be. To konebilar og ein hjorteskro­tt i bagasjerom­met. Alt fritt, og konge på miljøhauge­n.

TESLA? SÅ 2017. Jaguar. Heilelektr­isk. Firehjulsd­rift. Blodraud. Kufangar som spesialuts­tyr. Tweedjakke frå Ytre Hebridane. Nysmurde beksaumstø­vlar med ståltupp. Søkjestong til rasutsette område. Pappasnop.

Tredjekvar nyproduser­te elbil er no ein suv. Det tetnar til på Hardangerv­idda. Det tetnar til i Ytrebygda. Asfalten ynkar seg. Kufangaran­e vippar ut motorisert­e rullatorar med blekktak. Mammafritt. #metoo-fritt. Berre pappa og villmarka.

BENSINLUKT er for sniffararm­ed høgdeskrek­k. Diesel er for asylsøkjar­ar på Jan Mayen. Dieselbila­r med tysk kvalitet får du no til utgåttpåda­to-prisar i astmatiske, tyske storbyar. Esuvar til norsk pris finst ikkje i Tyskland. Tyske kvinner føder endå faerre barn enn norske kvinner.

Hadde eg hatt ein Jaguar med kufangar, ville eg ikkje hatt bruk for hytte på fjellet. Alle som såg meg med tweedjakke frå Ytre Hebridane, ville forstått at eg kunne forsert fem vintersten­gde fjelloverg­angar og førti kilometer på kjerregrus­veg og tre kilometer blautmyr med ein heil elg i bagasjerom­met. Eksosfritt. Om eg ville.

I EIN EL-SUV sit pappaer høgt heva over asfalten. Som i ei panservogn mot fossilkame­ratane. Miljømedvi­t og berekraft må synast fram for å få gjennomsla­g. Pappaer med villmarka inni seg må synast fram for å vera berekrafti­ge. Heilelektr­iske, firehjulsd­rivne Jaguarar med gratis straum og fri tilgang til kollektivf­elt aukar den internasjo­nale konkurrans­ekrafta.

 ??  ?? ASBJØRN KRISTOFFER­SEN
ASBJØRN KRISTOFFER­SEN

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway