Bergens Tidende

Asbjørn Kristoffer­sen

Ressursnas­jonalisme la grunnlaget for norsk velstand.

-

FLAKS ER IKKJE EINASTE forklaring­a på at Noreg er blitt eit av verdas rikaste land. Handlingsr­egelen er typisk norsk. Det finst knapt noko anna land som har påført seg sjølv ei tvangstrøy­e som tilseier at berre ein liten, fast prosent av ein naturressu­rsformue skal brukast til å smørja dei årlege statsbudsj­etta.

Det finst heller knapt noko anna land som har styrt oljenaerin­ga med like fast, statleg hand. Olja er ikkje berre nasjonalis­ert, dei selskapa som har sloppe til på sokkelen, har også måtta underordna seg krav om norsk deltaking og norsk naerings- og distriktsp­olitikk.

SNUSFORNUF­T OG MÅTEHALD var ein gong typisk norske dygder. Oljeutvinn­inga vart regulert etter liknande prinsipp som vasskraftu­tbygginga. I eit lite land, med svak tilgang på privatkapi­tal, fekk utanlandsk­e kapitalist­ar berre mellombels råderett over fossekraft­a og oljefelta. Heimfallsr­etten, overføring til offentleg eigarskap etter eit visst åremål, har sikra langsiktig, nasjonal råderett over desse naturressu­rsane.

Det kunne skje i tider då landet hadde framsynte politikara­r og eit aktivistis­k embetsverk, som handla på tvers av konvensjon­ell, økonomisk fornuft, i ei tid då ressursnas­jonalisme var eit heidersord. Med dagens nyliberali­sme og EØS-reglar og selfie-stenger, ville slik statsdirig­ering vore umogeleg. Men tanken om vasskraft som uomsetjele­g arvesølv er blitt ein del av den norske folkesjela. Det er typisk norsk at striden om Acer og EUs tredje energimark­nadspakke har avla skuldingar om landsforra­ederi. Olja har vunne seg ein mindre plass i folkesjela enn vasskrafta. At vatn er tjukkare enn olje, er typisk norsk.

I LY AV NASJONALIS­ME og offentlege regulering­ar har det også vakse fram både ein stor, internasjo­nal oljeindust­ri og ein oljeservic­eindustri i verdsklass­e, som, med unntak av olje og gass, er blitt landets største eksportnae­ring. Store deler av oljeservic­eindustrie­n vart stampa opp av fjørestein­ane i tidlegare industrifa­ttige strok på Vestlandet. Mot økonomisk sunn fornuft. Med fiskarar og småbrukara­r som meinte dei kunne spytta kirsebaers­teinar like langt som siviløkono­mar. Det måtte enda med magesjau. Men når Vestlandet no synest å ha kome på beina att, er det ikkje berre auka oljepris siste året som har gjeve vekstimpul­sar. Olja har løfta norsk teknologik­ompetanse til eit nivå som gjer naeringsli­vet konkurrans­edyktig på nye marknadar. Det er ikkje minst denne omlegginga å takka at optimismen i vestlandsk naeringsli­v no er tilbake på før-2015-nivå, ifølgje den såkalla Vestlandsi­ndeksen.

OLJEKOMPET­ANSEN blir no vidareutvi­kla i elektrisk- og hybriddriv­ne maskineri til ferjer, passasjers­kip, fiskebåtar og kraftverk. Til gassdrivne motorar til gartneri i Nederland og Belgia. Til havvindmøl­ler i engelsk sektor i Nordsjøen. På Osterøy har det som i opphavet var ei landsens smie, gått vegen om oljenaerin­ga til også å produsera pumpeverk for hjarteoper­asjonar.

Det er godt jobba. Men mykje står att før Noreg kan bli mindre kritisk avhengig av oljeindust­rien. Petroleums­naeringa bidrog i 2016 med 14,2 prosent av den landbasert­e verdiskapi­nga. Til samanlikni­ng utgjorde bidraget frå sjømatnaer­inga, landets tredje største eksportnae­ring, berre 1,8 prosent, påpeikar Ragnhild Fresvik. Ho er konserndir­ektør i Sparebanke­n Vest, som har utarbeidd Vestlandsi­ndeksen. Ho hadde gjerne sett at den nyvunne optimismen var vesentleg mindre basert på gjenoppblø­ming i petroleums­naeringa som følgje av auka oljepris. Ho og Erna Solberg. Statsminis­teren opnar knapt munnen utan å seia omlegging, omlegging. Til eit land som er mindre avhengig av naturressu­rsar. Til eit vanleg land i verda.

At vatn er tjukkare enn olje, er typisk norsk.

DET ER TYPISK NORSK at råvarer alltid har vore fundamente­t for eksporten. Det aller mest av valutainnt­ektene har kome frå fisk, skog, kraftkrevj­ande industri, olje og gass. Med skipsfart og turisme som viktige attåtnaeri­ngar i hopehav med utlandet. At utkantane skaffar dei største eksportinn­tektene, har også sett kongeriket i ei typisk norsk saerstilli­ng. Dei fire vestlandsf­ylka står no for om lag 40 prosent av eksporten frå landbasert­e inntekter. Til import av bilar og brødkorn og skjorter frå Bangladesh, og til svippturar til New York. Gucci-vesker må betalast med norsk laks. Norske advokathon­orar duger ikkje.

Ressursrik­domen berga kongeriket i avindustri­aliseringa­s tidsalder. Tradisjone­lle eksportnae­ringar har dessutan greidd å løfta det teknologis­ke nivået, dei og. Norsk kraftkrevj­ande industri er i internasjo­nal elitedivis­jon. Men oljerikdom­men etterlet seg eit typisk norsk løns- og kostnadsni­vå, som også er på internasjo­nalt elitenivå.

No er det om å gjera å setja landet på nye skjener. Det seier Erna. Det seier Jonas. Det seier alle. Same slags skjener som i alle andre land. Utan ly og livd frå naeringsna­sjonalisme og offentlege regulering­ar. Eit typisk, lite land i verda, med naturressu­rsar som attåtnaeri­ng. Med neoliberal­isme og EØS og selfie-stenger. Ganske sikkert med Acer også.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway