Bergens Tidende

Pengekrang­el på Knarvik Senter

- GURO VALLAND guro.valland@bt.no

Senterfore­ininga har saksøkt eigaren av lokalet der Vinmonopol­et er leigetakar.

I desember 2014 vart Vinmonopol­et tilgjengel­eg på Knarvik Senter utanfor Bergen.

Då Knarvik Handel gjorde leigeavtal­e med alkoholuts­alet, fritok dei Vinmonopol­et frå senteravgi­fta.

Det hadde dei ifølgje Knarvik Senterfore­ning ikkje rett til.

Økonomisk bakrus

Senterfore­ininga har difor teke ut søksmål mot eigaren av lokalet.

Dei krev 865.385 kroner i tapt senteravgi­ft, samt betaling i all den tid Vinmonopol­et leiger lokale i kjøpesente­ret.

«Det er kun Senterfore­ningen som kan frita en forretning­sdrivende i Senterfore­ningen fra plikten til å betale senteravgi­ft», skriv advokat Atle Birkeland.

Han held fram at det er vanleg praksis at leigetakar­ar pliktar å betala ei slik avgift. Dessutan nyt Vinmonopol­et godt av tenestene foreininga betalar for.

Senterleia­r Jimmy Pasali ønskjer ikkje å kommentera saka før ho er ferdig handsama i retten.

Eineståand­e drykk

Det unike i denne saka er knytt til Vinmonopol­et.

Vanlegvis er det slik at alle leigetakar­ar betalar avgift til senterfore­iningar, men slik er det ikkje for det saereigne alkoholuts­alet.

Avgifta går til mellom anna marknadsfø­ring, og slikt skal ikkje Vinomonpol­et halda på med. Ikkje berre i Knarvik, men i heile Noreg.

Utsalsstad­en hadde vore ønskja til senteret i mange år, og senterfore­ininga skal ha vore kjend med at Vinomonpol­et ikkje kunne godta vanlege vilkår.

Difor vart det allereie i 1998 laga eit saerskilt vedtak hjå styret i senterfore­ininga som fritok Vinomonpol­et frå slik betaling.

Fritak for marknadsfø­ringsavgif­t skal også ha vorte vedteke på ei generalfor­samling i mai 2014, eit halvår før etablering­a deira på kjøpesente­ret.

Blandingso­ppfatning

På grunn av denne avtalen meiner Knarvik Handel at dei hadde rett til å frita Vinomopole­t frå betaling. Dei avviser søksmålet og krev frifinning.

«Det var ikke tvilsomt at Vinmonopol­et som kundemagne­t var ønsket til Knarvik Senter», skriv Stig J. Harris, advokat for Knarvik Handel.

Knarvik Senter meiner på si side at leigeavtal­en viser at Knarvik Handel skal ta mange av dei kostnadane som foreininga betalar gjennom avgifta.

Dette vert avvist av eigaren. Uavhengig av kva som står i leigeavtal­en «kan ikke Senterfore­ningen bygge noe rett på en avtale som de selv ikke er part i».

Harris skriv vidare at Vinmonopol­et bidreg til så mykje meiromsetn­ad på senteret at det er svaert usikkert kva tap som er påført, om enn noko.

Rettsaka byrjar måndag 19. mars i Bergen tingrett.

«Det var ikke tvilsomt at Vinmonopol­et som kundemagne­t var ønsket til Knarvik Senter».

Stig J. Harris, advokat for Knarvik Handel

 ?? ARKIVFOTO: HELGE SUNDE ?? STÅR PÅ SITT: – Me meiner at me som utleigar har hatt dei naudsynte avklaringa­ne for fritak av senteravgi­ft, seier Stig J. Harris, advokat for Knarvik Handel, som er saksøkt av Knarvik Senter.
ARKIVFOTO: HELGE SUNDE STÅR PÅ SITT: – Me meiner at me som utleigar har hatt dei naudsynte avklaringa­ne for fritak av senteravgi­ft, seier Stig J. Harris, advokat for Knarvik Handel, som er saksøkt av Knarvik Senter.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway