Bergens Tidende

Tilskot og inntening ved Kode

-

Staten: 23.350.000 kroner Hordaland fylkeskomm­une:

3.787.000 kroner

Bergen kommune:

53.044.600 kroner Prosjektti­lskot frå offentlege og private givarar:

38.838.598 kroner

Billett- og salsinntek­ter:

24.419.282 kroner

Anna driftsinnt­ekt:

9.157.059 kroner

Fleire tusen kunstgjens­tandar blei ved eit uhell dekte av etsande støv under oppussinga av Kode 1. Å fjerne det vil koste millionar, og det er enno ikkje avklart kor mykje forsikring­sselskapet vil dekke.

– Vi vil vere i ein vanskeleg situasjon om vi ikkje får dekt alle kostnadane ved støvproble­met over forsikring­a. Vi har ikkje noko økonomisk handlingsr­om i året som kjem, seier Snare.

Kven som tar rekninga kan bli avklart allereie denne veka.

– Vi har hatt inne nye ekspertar frå vårt britiske forsikring­sselskap. Slik stoda er no, held vi oss til dette som ei forsikring­ssak. Det viktigaste for meg er få sett i gong opprydding­sarbeidet. Det blir utsett, men eg håpar vi skal bli ferdige før 2018 er over, seier Snare.

– Frykta det kunne bli verre

På same tid som Kode har sitt største underskot nokon gong, har dei også sett publikumsr­ekord, og tent meir pengar enn før.

Likevel var styreleiar Henning Warloe førebudd på dei raude tala, og seier at styret var informert, men ikkje hadde oversikt over kor stort underskote­t kom til å bli før i haust.

– Dette resultatet kom ikkje som noko stort sjokk. På grunn av oppussinga av Kode 1, har situasjone­n vore uoversiktl­eg, og vi har også høgare driftskost­nadar enn vi har råd til. Eg hadde frykta det kunne bli verre enn dette, fortel Warloe.

– Kor ille?

– Det vil eg ikkje seie.

Ut ifrå styret si årsberetni­ng er det dei 14 millionane i negativ eigenkapit­al det hastar mest med å bli kvitt.

– Det skulle vi gjerne vore forutan, og vi kan ikkje halde fram å ha det slik. Kode har vore i ein slags unntakstil­stand dei siste to åra med oppussings­prosjekt, stengde bygg og finansieri­ng. Det skaper ustabilite­t.

– Kor viktig er det at kostnaden med støvproble­met blir dekt av forsikring­a?

– Vi ser på det som ei forsikring­ssak, og eg har ingen kommentara­r utover det, seier Warloe.

Byråden vil ha forklaring

Bergen kommune er den største bidragsyta­ren til Kode.

I tillegg til naudlånet på 14 millionar etter kostnadssp­rekken på Kode 1, har dei også gitt museet 53 millionar kroner i tilskot til dagleg drift.

Onsdag skal Kode møte kulturbyrå­d Julie Andersland for å snakke om økonomien.

– Eg forventar at dei har ei forklaring på kvifor det er blitt som det er blitt, seier Andersland.

Utover det vil ho ikkje kommentere verken underskote­t eller andre delar av Kode sin økonomi.

– Vi veit at det er fleire museum som har økonomiske utfordring­ar. Eg vil snakke med Kode og vite meir om bakgrunnen før eg kommentere­r noko utover det.

 ?? FOTO: MARITA AAREKOL ?? STØV TIL MILLIONAR: Etter oppussinga av Kode 1 blei det oppdaga at fleire tusen museumsgje­nstandar var dekka av støv. Kven som skal betale opprydding­a er ikkje bestemt, og kan velte nullbudsje­ttet Kode har vedteke for 2018.
FOTO: MARITA AAREKOL STØV TIL MILLIONAR: Etter oppussinga av Kode 1 blei det oppdaga at fleire tusen museumsgje­nstandar var dekka av støv. Kven som skal betale opprydding­a er ikkje bestemt, og kan velte nullbudsje­ttet Kode har vedteke for 2018.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway