Verpesjuke menn
Pensjonist i BT
INGEN TRENG LENGER ligge seg sammen og gjorre nokke for barneproduksjonen i Bergen og på Vestlandet og i gamle Noreg, nørdst i grendom. Produsentane kan leggja seg i kvar si seng, om dei vil, ta saka i eiga hand og lata kredittkortet gjera jobben. Naturmetoden er blitt som eit supplement å rekna.
Farskap har alltid vore ein tvilsam affaere, enkelt å triksa med. Moderskap har det vore verre å tukla med. Men når no Høgre og Venstre har løsna fortøyningane, er det truleg berre eit tidsspørsmål før tilgangen til egg blir nokolunde likestilt med tilgangen til saed, slik det er i alle andre, nordiske land. Det kan bli slutt på diskrimineringa av verpesjuke nordmenn.
I ETTERKRIGSTIDA har det aldri vore fødd faerre barn her i landet enn det vart i fjor. Dei barnlause mannaskarane blir stadig større. Kvar fjerde norske nordmann blir aldri far, slik det er no. Det er til lita trøyst at det barnlause kvinnesegmentet også eser ut, at kvar sjette norske kvinne aldri blir mor.
Dei barnlause opererer ikkje lenger på same marknaden. Det er lenge sidan dei måtte ta det som baud seg, om dei ville bli gifte og vel forsørgde og ha tolv av kvart til familieselskapa. Slikt vart det gjerne barn av. Det blir ikkje barn av manglande marknadstilpassing.
DEI SOM TEK SAKA i eiga hand, oppdagar snart at det er dårleg tilgang både på egg og saed her til lands. Det meste må importerast, det meste er dyrt. Og menn står bakerst i den køen, også. Verpesjuke menn må sjå langt etter eggløysinga.
For mange ville beste løysinga vera ein ny produksjonsmetode som gjorde det mogleg å hoppa over eit slektsledd. Eigne ungar er mykje bal. Det er ikkje å koma forbi. Barnebarn er fred og fryd og kransekake. Dei kan dessutan returnerast ved behov. Gamle folk treng uskuldige barneauge. Gamle folk treng datakyndige barn. Barn treng gamle folk å arva.