Bergens Tidende

Heia Cecilia!

-

Pensjonist i BT EG ER MOT PROFFBOKSI­NG. Veldig. Men eg er for Cecilia. Veldig. Fordi ho er så pen. Og fordi ho er frå Bergen. Mest fordi ho er frå Bergen. No har ho vunne endå ein gong. I Amerika. Alt er så stort i Amerika. Når ein bergensar har vunne i Amerika, kan det mest ikkje bli større.

DET FÅR VÅGA SEG at amerikanar­ane bua då den femdobbelt­e, bergenske verdsmeist­eren vart kåra til vinnar, etter at ho for første gong i soga vart nedslegen og låg på dørken og tok teljing. Cecilia bryr seg ikkje. Ikkje eg heller. Ingen bergensara­r bryr seg. Ingen strilar. Ingen på denne sida av dammen.

HEIA CECILIA! ROPAR EG. Inni meg. Eg kunne for så vidt tenkt meg å ropa det høgt også, sjølv om eg er veldig mot proffboksi­ng. Men eg får det ikkje til. Eg ser jo aldri på proffboksi­ng. Ikkje på skjerm heller, med skjermlese­briller og nakkeknekk. Å få betaling for å stå på eit platå og dengja laus på kvarandre, er etter mitt skjøn noko heilt anna enn nevekamp og krokfot i lyng og brake på striledans.

Eg ropte ikkje høgt, då heller. Strilar som ikkje bryr seg om fotball og mislikar proffboksi­ng, ropar aldri høgt. Kva skulle slik sanselaus utblåsing vera godt for, liksom? Cecilia får ta meg som eg er.

EG HAR DET MED CECILIA litt på same vis som eg har det med vestlandsk­e kapitalist­ar. Eg er mot kapitalism­en. Eg spelar aldri på børsen. Men Facebook og Google og Amazon er etter mitt skjøn noko heilt anna enn BIR og Bunnpris og Bekkjarvik Gjestgiver­i. Eg er veldig for vestlandsk­e kapitalist­ar som slår austlandsk­e kapitalist­ar ned i sjøstøvlan­e. Det er like greitt om vestlandsk­e kapitalist­ar ikkje er spesielt pene, eller ikkje har slege ned nokon i Amerika. Eg bryr meg ikkje. Cecilia bryr seg ikkje, ho heller. Trur eg.

DET VIKTIGASTE er ikkje å slå svenskane og austlendin­gane og amerikanar­ane, men å ha nokon å heia på. Inni seg, om ikkje anna. Det er for så vidt greitt å ha nokon å bua på også, slik dei gjer i Amerika. Men det kunne ikkje falla meg inn å bua på Cecilia.

 ??  ?? ASBJØRN KRISTOFFER­SEN
ASBJØRN KRISTOFFER­SEN

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway