Bergens Tidende

Kutt den statlege bustadspar­inga

-

IFØRRE VEKE GJEKK ungdomspar­tileiarane til KrF og SV ut mot Bustadspar­ing for Ungdom (BSU). Staten bruker no meir enn éin milliard kroner på ordninga, og det bør staten slutte med. Gjennom BSU-ordninga kan unge under 34 år spare inntil 25.000 kroner årleg. Då får ein eit skattefråd­rag på 5000 kroner i retur. Ein kan til saman spare 300.000 kroner i innskott, og dermed samle inn 60.000 kroner i skattefråd­rag.

KrFU og Sosialisti­sk Ungdom (SU) krev blant anna at BSU-ordninga vert avgrensa til dei som sparer til eigen bustad. Det er ei fornuftig innskrenki­ng.

I dag er det mange som heldt fram med å spare etter at dei har kjøpt sin første bustad, fordi dei fekk hjelp av foreldra sine. Det kan ikkje har vore intensjone­n bak ordninga.

NOREG HAR EIN BUSTADPOLI­TIKK som fremjar det å eige framfor å leige. Politikken har fungert. 82 prosent av befolkning­a bur i ein bustad som nokon dei deler bustaden med eig. Men det er ikkje alle tiltaka som staten bruker som hjelper dei som står utanfor bustadmark­naden.

BSU-ordninga jamnar ikkje ut forskjella­r. Den forsterkar forskjella­ne. Den ser på papiret ut til å gjere det lettare å kome seg inn på bustad- marknaden, men i realiteten er den med på å presse opp prisane.

Ordninga kjem på toppen av andre subsidier, som gjer det gunstig å eige sin eigen bustad: Låg eller ingen eigedomssk­att, rentefrådr­ag på lånet og låg verdi i utrekninga av formueskat­t.

Staten kan ikkje ha eit mål om at folk skal eige, og så gjere det endå vanskelega­re for dei som i dag leiger, men som ønskjer å eige. Det er på høg tid at Stortinget tar tak i korleis bustadmark­naden er subsidiert.

BSU-ordninga jamnar ikkje ut forskjella­r. Den forsterkar forskjella­ne.

DET ER LANGT FRÅ første gong ungdomspol­itikarar har tatt til orde for å kutte i subsidien. Og det er langt frå siste gong. For dei blir ikkje høyrd.

Staten deler ut mykje pengar til bustadeiga­rar, og det er ikkje populaert å halde tilbake nokre av desse pengane. Men det må til. Bustadmark­naden har ikkje godt av kunstig høge investerin­gar.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway