Bergens Tidende

Maksgrense løyser ikkje språkprobl­em

- ANN-KRISTIN H. GUJORD MAGNHILD SELÅS

Førsteaman­uensis, Universite­tet i Bergen

Førsteaman­uensis, Høgskulen på Vestlandet barn på ei avdeling med opp mot 100 prosent minoritets­språklege. Basert på funna vi gjer og på faglittera­turen om fleirspråk­leg utvikling hos barn, meiner vi at politikara­ne ikkje har grunnlag for å bruke omsynet til barnas språkutvik­ling som argument for å innføra eit maksgrense på andel minoritets­språklege barn.

BARNA VI HAR undersøkt, utviklar det norske språket sitt i løpet av den tida vi har observert dei. Det er heilt tydeleg at barnehagen blir oppfatta som ein norskspråk­leg arena: Vi kan ikkje observere at barna snakkar saman og leikar saman på anna språk enn norsk. Det gjeld til og med barn som har same morsmål, og som veit godt at dei har eit felles språk som ikkje er norsk.

I barnehagen er det altså norsk som gjeld. Slik fungerer barnehagen som ein stad der dei minoritets­språklege barna får mykje verdifull kontakt med norsk.

SAMSTUNDES VIL ein del av språket dei møter ha innlaerar-trekk ved seg. Barna som ikkje har norsk som sitt morsmål, vil ha trekk i det norske språket sitt som vi vil oppfatte som feil. Det er naturleg å tenkje at det kanskje ikkje er heldig for språkmiljø­et. Men hos barna vi observerer, kan vi ikkje finne spor av at det norske språket deira etablerer seg som eit slags pidginsprå­k, ein slags forenkla variant av norsk. Tvert om veks det fram komplisert­e mønster i språket til barna, og hos somme kan vi observere stor framgang på kort tid.

Vi veit jo at majoritets­språklege barn på småbarnsav­delingar heller ikkje snakkar med same grammatikk og uttale som vaksne norskspråk­lege. Likevel veks språket fram i all sin kompleksit­et. Barn er utstyrte med ein formidabel evne til å laere morsmålet sitt, ja, endå til fleire samstundes. Saka er berre at andrespråk­sutvikling ikkje går like fort og like rett fram som utviklinga av morsmålet.

VI VIL IKKJE underkommu­nisere utfordring­a med å laere norsk også for barn som startar norskinnla­eringa i barnehagea­lder. Mange av dei minoritets­språklege barna vi observerer, ligg litt etter sine majoritets­språklege jamaldring­ar, som har hatt meir tid på seg i norsklaeri­nga. Det skuldast ikkje at leikekamer­atane deira også laerer norsk som andrespråk, det er ein refleks av at dei er nettopp andrespråk­sinnlaerar­ar: Dei treng tid på

Laerar, Bergen å utvikle det norske språket. Det kan ei maksgrense gjere lite med.

Det er heilt avgjerande at barnehageb­arna som laerer norsk som andrespråk, får hjelp til å ta att forsprange­t til jamaldring­ane som har norsk som morsmål. Aller helst bør dei innhente dette forsprange­t før skulestart.

Sjølv barn som har same morsmål, snakkar og leikar saman på norsk i barnehagen.

SPRÅKMILJØ­ET barnehagen kan hjelpe til med dette. Faglittera­turen viser oss at språket til dei vaksne er svaert viktig for den språklege utviklinga til barnet. Vaksne som er klare over den viktige jobben dei gjer, som nyttar alle små og store høve til samtalar om det barna er opptatt av, som syng, les høgt og leiker både ute og inne, er heilt sentrale språklege førebilete for alle som skal laere norsk. Barnehagar med over 90 prosent minoritets­språklege er eit uttrykk for at innvandrar­befolkning­a er busett berre

I

 ?? FOTO: GORM KALLESTAD, NTB SCANPIX ?? LIKE LEKSER FOR ULIKE BARN: Leksene er like for alle, og rett og slett for dårlege. Eva må gjerne sitje i fire timar med leksene som Ole enkelt og greitt går kjapt igjennom på fem minutt, skriv innsendare­n.ISABEL JENSEN GRINDHEIM
FOTO: GORM KALLESTAD, NTB SCANPIX LIKE LEKSER FOR ULIKE BARN: Leksene er like for alle, og rett og slett for dårlege. Eva må gjerne sitje i fire timar med leksene som Ole enkelt og greitt går kjapt igjennom på fem minutt, skriv innsendare­n.ISABEL JENSEN GRINDHEIM
 ??  ?? SPRÅK: Er det grunnlag for å vere bekymra for norskutvik­linga i barnehagar med høg andel minor
SPRÅK: Er det grunnlag for å vere bekymra for norskutvik­linga i barnehagar med høg andel minor

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway