Tilsynet for høg moral
Sjuande far i BT VAR DET GOD HELG, DU SA? Og så forventar du at eg skal seia takk like eins, eller takk det same og iligemåde? Det du driv med er kulturell utpressing. Som om eg skulle gå med på at di helg er mi helg. Eg driv ikkje med noko som helst slags helg, skal eg seia deg. Nais viiikend, haeppi, haeppi, seier eg, om eg er i det overberande hjørnet. Det er det lengste eg kan strekkja meg.
NO ER DET OMSIDER utsikter til at andre pinsedag kan bli parkert på historias skraphaug, saman med andre påskedag og Kristi Himmelfartsdag. Det er betre enn ingenting. Men det bør gjerast reint bord. Påske og jul, alle kristne kalenderovergrep må gå med i same rennet. 1.mai? Sosialistisk tilsniking. 17. mai? Nasjonalistisk overkøyring. Med firhjulstrekk og tilhengjar.
VISST SKAL VI VERA KULTUROPNE og solidariske. Vi skal unna kvarandre alt vel, bortsett frå dei inntolerante typane som vi ikkje toler trynet og tastaturet på. Vi skal seia gratulerer med dagen og slit’an med helsa når nokon har noko å feira, ein ny fridag, ny personleg trenar, ny likarrekord. Men vi må få sleppa alt dette helgestyret. Andre pinsedag må bli ei privatsak, om ikkje dette året, så neste. Seinast.
Verst blir det å kvitta seg med jula, når alle skal reisa heim, kvar til sitt småbruk, med tindrande barneauge og julenek og rømmegraut og gamle amerikaonklar som drikk seg full før pakkane er opna. Påska er nesten like vrangsnudd, når alle skal sitja i bilkø, kvar til sitt hyttefelt, med peiskos og krim og bakglatte ski og mødrer som heller ville gått topptur i Lyngsalpane.
MEN JULEFERIE OG PÅSKEFERIE må vi ha. Løysinga kan vera å kalla jula for barnefest og Langfredag for morsdag og andre påskedag for farsdag. Med nokre inneklemte fridagar i mai som førebuingsdagar til pensjonen, bør fridagskabalen gå opp. 17. mai kan flyttast til 18. mai. Slik kan det bli multikulturell fred og fryd og kransekake for oss alle. Haeppi, haeppi!