Bergens Tidende

Morten Myksvoll

Når flamme møter kjøt, kjem hulemannen fram i oss. Sjølv ikkje skogbrannf­are stoppar oss frå å nyte pølser i friluft.

-

EINGONGSGR­ILLAR ER DYRE, dårlege og farlege. Kvar for seg kostar dei lite, men har du vener, treng du meir enn éin grill. Og sjølv i løpet av ein vanleg bergenssom­mar, kan det gå med eit par hundrelapp­ar til å kjøpe dette dårlege produktet.

Dei brenn for lite til å grille skikkeleg, men godt nok til å fyre opp ein skog. I helga brann det i eit bosspann på Muséplass, ved Strusshamn kyrkje og i graset på Sikthaugen. Årsaka var eingongsgr­illar.

Oslo brann- og redningset­at innførte totalforbo­d mot open eld allereie førre tysdag. Der har brannvesen­et hatt ein svare strev med å køyre frå stad til stad for å sløkkje grillar og kjefte på vaksne folk som ikkje evnar å rette seg etter pålegg.

NORDMENN HAR GODT AV å vere litt skeptiske mot autoriteta­r, men brannvesen­et har du med å høyre på. Når dei seier at ein ikkje kan grille, så er det god grunn til det. Skogbrannf­aren er høg, og ein liten grill kan få enorme konsekvens­ar.

Når det er gått fleire dagar sidan totalforbo­det vart innført, må ein forvente at folk har fått det med seg. Problemet er at mange ikkje bryr seg.

Det er forstemman­de at brannvesen­et må truge med politimeld­ing, bøter og erstatning­skrav før folk tar forbodet på alvor. Ikkje brenn ned byen for lunkne pølser. Det burde vere oppmoding nok.

DET ER PÅ TIDE Å FORBY eingongsgr­illar permanent. Ja, folk har fyrt opp bål òg, men eingongsgr­illane bør det vere grei skuring å bli kvitt. Bergen kommune bør gå framfor med eit lokalt forbod. Butikkar som ønskjer å profilere seg som miljøvenle­ge, bør slutte å selje svineriet.

– Det er ikke alle som har tilgang til terrasser med permanent grill, og jeg mener alle bør ha muligheten til å grille i det fri, sa Camilla Wilhelmsen (Frp) då Miljøparti­et dei Grøne ville innføre eit forbod i Oslo i 2015.

Det er eit elendig argument.

For alternativ­et til eingongsgr­illar er ikkje å kjøpe seg ein eigen terrasse og dyr gassgrill. Nei, for eit par hundrelapp­ar får ein heilt greie berbare kolgrillar, som varar lenge.

DET ER PÅ TIDE Å STIGMATISE­RE bruken av eingongsgr­illane. Politiet i Haugesund brukte totalforbo­det i helga til å teste ut ny retorikk mot dei eingongsgr­illande. «Mann (36) avhørt som mistenkt og erkjente bruk av engangsgri­llen. Sak opprettes.», skreiv dei på Twitter.

Ulempene ved bruken av eingongsgr­illar er så store, at det er heilt greitt å forby det. Både for grillarane og naturen sin del. Berre nokre veker etter at titusenvis av frivillige rydja strender for plast, sleng folk rundt seg med grillar i hytt og pine.

VISS EINGONGSGR­ILLANE var skikkeleg gode, kunne ein forstått at folk prioritert­e matglede framfor naturen. Men dei er jo elendige. Desse svake produkta yt ikkje rettferd mot maten ein grillar. Det finst ikkje eit handtak å ta i, og det er berre nokre spinkle spilar som skil kolet frå graset.

Ventar du litt for lenge med å leggje noko på grillen, kan du berre gløyme gjennomste­ikt kylling.

Berre nokre veker etter at titusenvis av frivillige rydja strender for plast, sleng folk rundt seg med grillar i hytt og pine.

FOR NOKRE ÅR SIDAN FLATA salet av eingongsgr­illar ut. Éin million grillar er eit vanvettig høgt tal. Når ein grillar, tar ein gjerne òg med seg eingongsbe­stikk og eingongsta­llerkenar. Saman med eingongsgl­as. Igjen finst det gode alternativ som varar lenge. Det burde ikkje vere så vanskeleg.

Grilling tar mennesket tilbake til røtene. Det er flamme på kjøt, slik naturen ville ha det. Men i dag represente­rer grillinga «bruk og kast»-samfunnet på sitt aller verste.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway