Bergens Tidende

Håper to store endringar skal gi framgang

- JOAR OFFERDAL VATLESTAD joar.offerdal.vatlestad@bt.no

– Ho er frykteleg godt trent for tida, seier Sigrid Borge sin spydtrenar.

I november reiste Borge (22) til Nittedal. Der hadde ho sine fyrste økter saman med Terje Pedersen, mannen som sette verdsrekor­d to gonger i 1964, den siste på 91,72 meter. Bakgrunnen for samarbeide­t var eit ynskje om forandring.

–Ein kjem til eit punkt der ein gjentek seg sjølv. For å utvikla seg må ein finna på nye ting, og eg visste at eg treng meir fart i tilløpet. Å få innspel frå andre, eit anna sett med auge, gjer godt, seier Borge.

– Same filosofi

Trekløvere­t har god kjemi, seier trenar Helga Reigstad.

– Han er ein ekstremt lidenskape­leg spydentusi­ast, og han fungerer som inspirasjo­nskjelde og bidragsyta­r. No har me hatt tre samlingar og så handlar det om å plukka det som passar for oss. Me har same filosofi med høg fart og høg arm. Å få stadfestin­g frå han som har kasta lengst i Noreg betyr mykje, seier Reigstad, som fekk ein melding hjå Pedersen i fjor.

Men tilveksten i gruppa er ikkje den einaste endringa som skal gjera kasta lengre.

– Må vera sikker

Sidan oktober har Borge jobba inn eit nytt tilløp, og ei økt i veka har vore dedikert til akkurat den endringa, for det tek tid å endra teknikken ho har nytta i ti år.

– Tilløpet er delt i to. Den fyrste delen handlar om å koma i gang og å auka farten, før ein går inn i kryssteg. Det heile skal avsluttast i eit stem. No har ho gått ned frå sju til fem kryssteg. Dermed kjem stemmet kjappare. Målet er å halda på farten, seier Reigstad.

Så handlar det om å ha trua på endringane.

– Det gjev meir trøkk i kastet og då må ein vera sikker. Ein må tora, seier Borge.

Raskare enn fjoråret

Teknikken vil koma etter kvart, meiner Borge. Det fysiske er på plass, ifølgje trenaren.

–Ho er frykteleg godt trent for tida, og ho har forbetra tida på 20 meter med fire tidelar i høve fjoråret, seier Reigstad.

Stemnet i tyske Halle denne helga blei likevel ikkje slik spydkastar­en frå Osterøy hadde ynskt.

–Det gjekk ikkje bra, og eg hadde litt problem med tilløpet. Eg har hatt litt ilt i skuldra siste månaden, som har gått over no, men eg har lagt meg til ein liten uvane. For å kompensera så gjekk det utover teknikken, seier Borge (22), som enda på sjetteplas­s med eit kast på 56,06 meter.

– Der kan alt skje

No ventar ein konkurrans­e i Florø til helga. Så er det Bislett, sesongens nest største høgdepunkt.

– Då kan det bli ein veldig god plassering. Det er eit sterkt felt, men det er noko eige med å kasta på Bislett, seier Borge, som er yngst i feltet.

I august ventar sesongens høgdepunkt, EM i Berlin. Borge tok EM-kravet i mars då ho kasta 62,42 meter i portugisis­ke Leiria, langt over grensa på 59 meter.

– Sjølv meiner eg at eg har gode sjansar for å nå finalen, og der kan alt skje. Eg tippar ein må opp på 60–61 meter for å nå finalen, seier Borge, som har ein personleg rekord på 63,28 meter.

– Den skal ho ta

Til NRK uttala Pedersen i helga at Borge kjem til å ta rekorden til Trine Hattestad allereie i løpet av året.

–Rekorden skal ho ta, men eg seier ingenting om når, seier Reigstad om den norske rekorden på 69,48 meter.

BT har ikkje lykkast i å få kontakt med Terje Pedersen måndag.

 ?? FOTO: HEIKO JUNGE, NTB SCANPIX ?? ENDRING: Spydkastar Sigrid Borge (22) har gjort endringar i tilløpet som skal auka både fart og kraft i kasta. Her frå VM i London.
FOTO: HEIKO JUNGE, NTB SCANPIX ENDRING: Spydkastar Sigrid Borge (22) har gjort endringar i tilløpet som skal auka både fart og kraft i kasta. Her frå VM i London.
 ??  ?? Helga Reigstad
Helga Reigstad

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway