Hans K. Mjelva
Vestlandet har betre ting å bruke pengar på enn ein skipstunnel på Stad.
IDEEN OM EIN TUNNEL for skip gjennom Stadlandet vart lansert i 1874, den gongen folk tok seg fram på sjøen med damp, vind eller årer. Havstrekninga rundt Stad var ei av dei farlegaste langs heile norskekysten, og sjøen var framleis landets viktigaste ferdselsåre. Den gong var dette ein god, om enn ganske vill, ide.
No har storleik og teknologi gjort skipa så sikre at ideen ikkje lenger gjev saerleg meining. Likevel vart tunnelen prioritert då Nasjonal Transportplan (NTP) vart oppdatert i fjor. Prislappen var då 3,2 milliardar kroner.
Etter å ha gått tidlegare overslag naermare i saumane, har konsulentselskapa Atkins og Oslo Economics no kome fram til at kostnaden truleg blir 3,7 milliardar. Skal Stortinget vere rimeleg sikker på å unngå budsjettsprekk bør dei setje av 4,4 milliardar.
Rapporten, som samferdsleministeren fekk 16. mai, er drepande. Den samfunnsøkonomiske nytteverdien er redusert frå minus 1,4 til minus 3,1 milliardar kroner. Kvart skip som går gjennom tunnelen vil koste samfunnet 26.000 kroner, i 40 år, skriv konsulentane.
UTGREIINGAR om samfunnsøkonomisk nytte er ikkje nokon eksakt vitskap. Ikkje minst gjeld det eit slikt pionerprosjekt utan saerleg samanlikningsgrunnlag. NHO og andre tilhengjarar av skipstunnelen meiner konsulentane overdriv uvissa og kostnadene i prosjektet, og at dei burde ha rekna inn langt større nytte.
Mellom anna har denne såkalla KS 2-rapporten fjerna heile vinsten av ei hurtigbåtrute mellom Bergen og Ålesund. I dag stoppar hurtigbåten i Selje, rett sør for Stad, fordi båtane ikkje får lov til å gå over Stadhavet.
Tunnelen skal løyse problemet. Men etter å ha sett nøyare på saka, meiner konsulentane at føresetnadene om arbeidspendling er urealistiske.
ETTER Å HA LESE rapporten, og høyrt argumenta frå tunneltilhengjarane, er det vanskeleg å forstå at dette prosjektet har så stor støtte som det har på Vestlandet. Tunnelen vil rett nok vere nyttig for oppdrettsnaeringa og andre som er avhengig av å passere Stad med mindre skip. I dag blir dei liggjande å vente når vêret er for dårleg. Men det har konsulentane teke på plussida i reknestykket.
Fleire av dei andre argumenta for tunnelen verkar rimeleg luftige. Til dømes at den vil føre til auka internasjonal turisme. Kven skal det vere? Dei aller fleste cruiseskipa er for store til å gå gjennom. Hurtigruta treng heller ikkje tunnelen. Dei har no så gode skip at dei fint kan gå rundt Stad, sjølv i skikkeleg uvêr.
Ein skal sjølvsagt ikkje blåse av risikoen for ulykker. Det er ingen tvil om at motorstopp utanfor Stad i uvêr er farleg, noko hurtigruta MS Midnatsol opplevde i 2003. Men skipa, sjølv mindre båtar, er i dag så sikre at faren ikkje lenger forsvarar ei så stor investering.
Rapporten, som samferdsleministeren fekk 16. mai, er drepande.
EG KAN FORSTÅ kystfolket i Sogn og Fjordane, som i lang tid har tapt kampen om vegar og vekst i eige fylke. Men dette prosjektet kjem for seint.
Dei to fylka tunnelen skal binde saman, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, har langt betre prosjekt å bruke pengane på. Du får ein god del veg for fire milliardar.
Det er ingen automatikk i at pengane til skipstunnelen vil hamne i desse fylka viss prosjektet blir skrota. Men det vil vere eit godt argument i kampen om å få vegprosjekt inn i NTP og statsbudsjettet. Dei som vil fylka vel, bør difor ikkje selje skipstunnel-prosjektet billeg, men i det stille likevel bu seg på ein hestehandel.
Sjølv om verdas første skipstunnel er ei artig greie, står det no fram som vel ekstravagant, sjølv for oljerike Noreg.