Bergens Tidende

9000 hyttefolk vil ikkje betala bompengar for tryggare veg

- GURO VALLAND guro.valland@bt.no

Ein tunnel skal trygga rasutsette Tokagjelet i Kvam herad. Hyttefolke­t på Kvamskogen kan få mindre gjennomgan­gstrafikk, men vil ikkje bla opp for løysinga.

Rekkefølgj­ekrav om ny gang- og sykkelveg, samt mangel på pengar, har ført til årelang stillstand på Kvamskogen.

Området er ikkje vorte utvikla og tomteeigar­ar sit på overtid og ventar.

Samstundes har hyttefolke­t ropt høgt og lenge etter tryggingst­iltak.

– Eg kjenner eit ubehag, fortalde Åse Ellen Bech til BT i vår, om korleis det var å kryssa vegen på Kvamskogen.

Vil sikra med tunnel

No har det heile hamna i ein politisk dragkamp om rassikring av Tokagjelet, den bratte vegen mot Norheimsun­d.

Kvam herad, fylkeskomm­unen og vegvesenet meiner tunnel er det beste for sikring og har sett i gang eit planprogra­m.

Seks ulike alternativ har tidlegare vore på bordet og prislappen spenner frå vel 900 millionar til godt over to milliardar kroner.

Rassikring­smidlar, bompengar og fylkeskomm­unal stønad skal finansiera prosjektet.

I ein høyringsut­tale skriv Kvamskogen Vel at trafikktry­ggleiken berre kan sikrast med ny tunnel frå Steinsdale­n til Eikedalen.

– Ekstremt farlige forhold

Styreleiar Eva Grimstad viser til at naermare 9000 hyttebruka­rar stiller seg bak uttalen til vegvesenet.

Tunnelalte­rnativet dei går gode for ligg på Norheimsun­dsida av Kvamskogen og har ein estimert kostnad på 1,3 milliardar kroner.

«Hytteeiere på Kvamskogen har i altfor mange år måttet leve med ekstremt farlige trafikkfor­hold. Dette gjelder et samlet antall mennesker som faktisk er større enn de fastboende (8471) i Kvam Herad med til sammen naermare 9000 hyttefolk i tillegg til mange dagsturist­er i vinterhalv­året», skriv Grimstad.

Mot bompengar

Kvamskogen Vel ser føre seg at dei ikkje må bruka tunnelen for å koma seg til hytta. Difor vil dei reservera seg mot bompengar.

«Vi ber om at bompengein­nkrevingen knyttes direkte til bruk av tunnelen», skriv Grimstad.

Velforeini­nga krev også at fartsgrens­a må ned til 60 kilometer i timen over heile Kvamskogen inntil tunnel er på plass.

Dei meiner også at Kvam herad må oppheva rekkefølgj­ekravet så snart planarbeid­et har starta.

Velforeini­nga skriv at dei er positive til Kvamskogen Naeringsla­g sitt forslag til gang- og sykkelveg.

 ??  ??
 ?? FOTO: VEGAR VALDE ?? UBEHAGELEG: Hytteeigar Åse Ellen Bech sa til BT i vår at ho kjende på eit ubehag når ho kryssar fylkesveg 7 på Kvamskogen.
FOTO: VEGAR VALDE UBEHAGELEG: Hytteeigar Åse Ellen Bech sa til BT i vår at ho kjende på eit ubehag når ho kryssar fylkesveg 7 på Kvamskogen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway