Å sjå fotball-VM i år er å støtte Putin
Internasjonal leiar, Europeisk Ungdom DETTE ER NOKO EIN må bli meir vand til i framtida, då neste VM skal vere i Qatar - eit land bygd på slaveri, menneskerettsbrot og død. Grunnen til at det blir slik, er naturlegvis Fifa sin skamlause korrupsjon. Vertslandet sin politikk og velkjende menneskerettsbrot er ein ting, men ein kan ikkje la Fifa sleppe unna heller.
I 2026 får me ein pause, då VM blir arrangert i Nord-Amerika. Men Fifa er der framleis. Organisasjonen sin korrupte oppførsel er blitt så openlys og obskøn at det knapt er mogeleg å late som om ein ikkje kjenner til den.
DET FINST INGEN enkel løysing på dette. VM er den største hendinga i ein sport eg og millionar av andre elskar, og det er vanskeleg å unngå å følgje med. Likevel så vil einkvar som følgjer med på VM, vere med på å støtte Putin og hans regime, og han får akkurat det han betalte Fifa for. Ettersom Russland sin destabiliserande og splittande utanrikspolitikk får meir fotfeste i Europa, er det denne sommaren viktigare enn nokon gong å vere årvaken.
Kvar person må sjølv ta vurderinga om kva dei er komfortable med, men for meg vil det både i år og 2022 vere vanskeleg å sjå fram til kampane og ignorere det som skjer utanfor bana med godt samvit.
SOM SUPPORTER av sporten er eg òg redd for kva som kjem til å skje med fotball om me berre lar ting skure og gå. Det er på tide med eit oppgjer med Fifa som organisasjon, og det er på tide å seie klart ifrå om at me ikkje vil at sporten me elskar skal bli brukt av autokratar til å kvitvaske sine menneskerettsbrot.