Bergens Tidende

Ingen tiltakstør­ke i landbruket

Tørkekrisa i landbruket er alvorleg, men regjeringa har så langt møtt den med fornuftige tiltak.

-

DENNE SOMMAREN har vore forferdele­g for det norske landbruket. Det har vore så varmt og så tørt at avlingane vert sterkt reduserte. Bøndene opplever difor sterk inntektssv­ikt, og fôrmangele­n kan føre til at mange dyr vert slakta før vinteren.

Krisa er alvorleg, og krava til regjeringa er høge. Landbruksm­inister Jon Georg Dale (Frp) har sagt nei til ei krisepakke, men har langt på veg kome bøndene i møte.

REGJERINGA HAR LEVERT ei rekkje krisetilta­k. Tiltaka skal betre tilgangen på fôr og gjere det lettare for bøndene å få erstatning.

Det store kravet frå bondeorgan­isasjonane er at erstatning­sordninga for avlingsska­de skal aukast. Dagens ramme er på 1,1 milliardar kroner. Den er basert på ei prognose utarbeidd av landets fylkesmenn. Det meste av skadane er meldt inn frå Austlandet. Det er anslått at bønder i Hordaland og Sogn og Fjordane vil søkje om drygt tolv millionar kroner i erstatning.

Norsk Bonde- og Småbrukarl­ag meiner regjeringa bør leggje på éin milliard til. Det er i snitt utbetalt 45 millionar kroner i avlingsers­tatning kvart år dei siste ti åra.

FLEIRE PARTI PÅ STORTINGET har reagert på regjeringa­s tiltakspak­ke. Dei meiner at det ikkje er nok. Audun Lysbakken (SV) meiner at «regjeringe­n alltid har penger til de rike, men svikter bøndene». Det er ein lettvint kritikk.

Regjeringa har ikkje kome bøndene i møte på alle krava som er levert inn, men dei har bidratt med både pengar og regelendri­ngar som bøter godt på situasjone­n.

Statsminis­ter Erna Solberg (H) møtte bondeorgan­isasjonane onsdag, og var open for å kome med nye tiltak seinare. Det er naturleg å bruke tid på å vurdere om dei tiltaka som allereie er sett i verk er tilstrekke­lege.

Det er ikkje fornuftig at tiltaka vert prega av overbodspo­litikk på Stortinget.

Det er ikkje fornuftig at tiltaka vert prega av overbodspo­litikk på Stortinget.

BØNDENE HAR HELDIGVIS gode og fleksible erstatning­sordningar som hjelper dei i dårlege år. Klimaendri­ngane kan gjere det langt verre å drive landbruk i Noreg. Støtteordn­ingane må ta høgde for at det kan bli fleire slike somrar.

Fram til no har landbruket­s klimagassu­tslepp vore lite omtalt. Naeringa står for 4,5 prosent av dei norske utsleppa, og må bidra til reduksjona­r for at Noreg skal nå klimamåla sine.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway