Bergens Tidende

No trur Borge ho kan ta EMmedalje

- ØYSTEIN VIK oystein.vik@bt.no

– Eg skal over 60 meter, så kan alt skje, seier Sigrid Borge.

22-åringen frå Osterøy gjorde det svaert spennande for dei mange som hadde møtt opp frå heimstaden for å sjå henne kasta spydkvalif­isering i friidretts-EM.

Ho mislukkast først ein gong, så også med det andre kastet. Først på det aller siste kastet glei spydet nokolunde som det skulle gjennom lufta og landa på 59,55 meter. Det hald akkurat til å vera mellom dei 12 som skal kasta i spydfinale­n fredag kveld.

– Eg er ganske letta no. Eg måtte jo gjera det litt spennande, seier Sigrid Borge.

På tribunen sat venner, klubbkamer­atar, sponsorar, onklar, tanter og foreldre.

– Dei hadde kjøpt billettar til morgon allereie, så eg måtte jo gå vidare, seier Borge med eit smil.

Går for gull

Ho hadde det 10. beste av dei

12 som gjekk til finalen. Tyske Christin Hussong var i ein eigen klasse med 67,29 meter. Men Borge må berre forbetra seg eit par meter for å verkeleg vera med i medaljekam­pen.

– I morgon kjem eg til å sjå

60-talet. No har eg sagt det! –Er du med i kampen om sølv?

–Nei, eg må jo gå for det aller beste.

Var irritert på seg sjølv

Sjølv om ho stod i reell fare for å ryka ut av EM før det siste og tredje kastet, vart ikkje Borge stressa ifølgje henne sjølv.

– Det var meir aggresjon. Eg tenkte: Dette skal eg jo klara. Eg var irritert på meg sjølv.

No har Borge som mål å vera mellom dei åtte beste etter tre kast i fredagens finale. Berre då får ho tre kast til. Dei fire svakaste vert luka ut etter tre kast.

– I spyd kan alt skje. Alle kan vinna. Det spørs berre kven som treff, seier Borge.

Spydfinale­n startar 20.25 fredag kveld.

 ??  ?? GÅR FOR DET BESTE: – Eg er ganske letta no, seier Sigrid Borge etter å ha klart målet om å vaere med i spydfinale­n.
GÅR FOR DET BESTE: – Eg er ganske letta no, seier Sigrid Borge etter å ha klart målet om å vaere med i spydfinale­n.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway