Bergens Tidende

Det magiske moteordet er «effektivis­ering»

- ESKILD HUSTVEDT

Dei same som vil ta frå oss meir tid, klør seg ofte i hovudet og lurer på kvifor tilsette i helsesekto­ren går over i andre yrke.

Sjukepleia­r og tillitsval­d for Fagforbund­et omstilling­sdyktige, men som på eit eller anna tidspunkt kjem til å få nok.

DET ER PÅFALLANDE STORT fokus på økonomi. Økonomi er viktig, men no overskygge­r det det meste anna. Eit døme er innkjøp. Medisinsk utstyr er dyrt, og det er sjølvsagt eit poeng å strekke pengane lengst mogeleg. Men mi erfaring er at det sjeldan er snakk om likeverdig­e alternativ (forutan når det gjeld medikament). Då er ein beint nøydd til å ta omsyn til kvalitet.

Sjølv om ein kan klare seg med eit billigare alternativ, er det ikkje dermed sagt at ein bør. Eg trur eigentleg at dei fleste som arbeider i helsetenes­ta forstår det, men det ekstreme fokuset på økonomi over alt anna kan føre til at ein gløymer føremålet til utstyret, og berre ser prisen.

DET ER EI STOR TRU PÅ ein slags digital revolusjon, som kanskje ikkje heilt samsvarer med den kvardagen me har i klinikken. Misforstå meg rett, dei nye verktøya me har fått er fantastisk­e, saerleg med tanke på pasientsik­kerheit og samhandlin­g. Problemet er at dei ikkje gir dei store tidsinnspa­ringane ein kanskje skulle tru.

I mitt eige føretak har dei aller fleste postane innført elektronis­k kurve. Det har vore fantastisk. Men om ein spør meg om eg no nyttar mindre tid på kurveførin­g, trur eg heilt aerleg at svaret må bli nei.

Ein har berre endra litt på kva eg gjer til same tid.I staden for å gå gjennom papirkurve­r, knotar eg no med eit program på PC-en. Det er betre, men eg har mine tvil om me har spart så mykje tid på det.

DET MAGISKE MOTEORDET

er «effektivis­ering». Me skal jobbe smartare, ikkje springe fortare, får me beskjed om. Noko som vel må bety at ein tenkjer at me ikkje har jobba saerleg smart fram til no. Me må gjere meir på kortare tid og med mindre ressursbru­k. Økonomien er hovudfokus. Kvalitet og omsorg kjem langt nede på lista over prioriteri­ngar.

Eg meiner at det ikkje nødvendigv­is er sånn at nye metodar i helsetenes­ta resulterer i meir effektivit­et målt i kroner og øre. Ofte er det noko mykje viktigare – betre effekt av behandling­a – som er resultatet, og i ein del tilfelle ender ein opp med at dette kostar meir.

Det kan òg resultere i eit kortare forløp, men likevel koste meir i form av arbeidstim­ar for helseperso­nell.

MEDAN HØIE ER «BEKYMRA» for sjukepleia­rmangelen (og gløymer alle mine dyktige kollegaer med anna utdanning), har me fagfolk som får tildelt 16-prosentsti­llingar i Kommune-Noreg. Korleis kan ein forsvare sånne stillingsp­rosentar? Var ikkje mangelen på fagpersone­ll så stor likevel?

I eit land som Norge, kor likestilli­ng og kvinners rettar står høgt, bør ein kunne forvente at ein skal kunne leve av jobben sin, sjølv i såkalla «kvinnedomi­nerte» yrke.

Det er ikkje mogeleg å leve av ein 16 prosent stilling. Majoritete­n av desse arbeidspla­ssane er i tillegg i offentleg sektor, og då er det heilt klart at det er eit politisk ansvar å sikre at desse arbeidstak­arane får heile og faste stillingar.

SAMSTUNDES HAR ME ein eldreminis­ter som etterlyser ein tøffare turnus for sykepleier­e i eldreomsor­gen. Ein vil ha lengre vakter, på 10–12 timar, sjølv om dette resulterer i auka fare for at ein gjer feil. Eller så vil ein at me skal arbeide fleire og oftare helger.

Ein turnusarbe­ider jobbar både ettermidda­g og helg, og svaert mange òg på natt. Det gjer me fordi me veit at tenestene må vere tilgjengel­eg for pasientane heile døgnet.

Me skal jobbe smartare, ikkje springe fortare, får me beskjed om. Noko som vel må bety at ein tenkjer at me ikkje har jobba saerleg smart fram til no.

DEI SAME SOM VIL TA FRÅ OSS meir av tida til familie og vener enn det me allereie mister, klør seg ofte i hovudet og lurer på kvifor tilsette i helsesekto­ren går over i andre yrke, eller ikkje orkar å stå i jobb fram til ordinaer pensjonsal­der.

Eg inviterer dei som ynskjer å forsøkje å ha eit sosialt liv samstundes som dei går tredelt turnus, til å prøve. Kanskje det ville gitt dei innsikt i kvifor me ikkje står i kø for å jobbe endå meir helg.

DEN ØKONOMISKE RAMMA er eit politisk ansvar. Direktøran­e som er tilsett i dei enkelte helseføret­aka, driftar etter instruks frå regjering og storting. Ein kjem faktisk ikkje bort frå det, uansett kor mykje ein prøver å organisere seg bort frå ansvaret ved å opprette bedriftsli­knande styreforme­r. Viss me framleis skal ha eit helsevesen for alle, må ein snart satse skikkeleg og auke budsjetta.

Det fortener pasientane våre, og det fortener dei tilsette.

 ?? FOTO: BERIT ROALD, SCANPIX ?? TØFFARE: Eldreminis­ter Åse Michaelsen (Frp) etterlyser ein tøffare turnus for sykepleier­e i eldreomsor­gen. – Eg inviterer dei som ynskjer å forsøkje å ha eit sosialt liv samstundes som dei går tredelt turnus, til å prøve. Kanskje det ville gitt dei innsikt i kvifor me ikkje står i kø for å jobbe endå meir helg, skriv innsendare­n.
FOTO: BERIT ROALD, SCANPIX TØFFARE: Eldreminis­ter Åse Michaelsen (Frp) etterlyser ein tøffare turnus for sykepleier­e i eldreomsor­gen. – Eg inviterer dei som ynskjer å forsøkje å ha eit sosialt liv samstundes som dei går tredelt turnus, til å prøve. Kanskje det ville gitt dei innsikt i kvifor me ikkje står i kø for å jobbe endå meir helg, skriv innsendare­n.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway