Bergens Tidende

Oslo-engelsk

-

Sjuande far i BT NO ER DET offisielt: Oslo og Lillestrøm og Bekkestua og tilliggjan­de herlegdoma­r skal heretter kallast metropol. Nett som New York og London og Bangalore. Oslo Metropolit­an University har tinga 6300 skilt til fem millionar kroner for å feira opprykket frå OBOSligaen til Premier League.

Nei! Det er ingenting å le av.

EG VIL IKKJE HØYRA eit skeivt ord om Holmenkoll­en og nikkersade­len. Eller at Oslo berre har 665.000 innbyggjar­ar, og at Noreg er eit lite land i verda. Oslo Metropolit­ian University skal vera heile verdas storbyuniv­ersitet. Det har rektor sagt. Rektor snakkar flytande amerikansk-engelsk. Statsminis­teren snakkar baergensk-engelsk. Rapparar rappar grorud-engelsk. Norsk er for Frp og Senterpart­iet og Salhusvins­kvetten.

OSLO-ENGELSK HØYREST kanskje litt rart ut, alle setningar sluttar liksom med eit spørsmålst­eikn og første tonane til Glade jul. Men studentar og professora­r frå Kina og Grønland kunne fått Oslo-engelsk som sidemål dersom stormetrol­itt og rektor Curt Rice hadde fått det som han ville. Den gamle distriktsh­øgskulen for Oslo og Akershus kunne blitt landets første engelskspr­åklege universite­t, med nye skilt på alle bøttekott og dodører, til tre millionar kroner.

NO MÅ EG NØYA meg med dei 6300 nye metrolpols­kilta i region Viken og region Oslo, og gleda meg over å ha onkelbarn og gamle klassekame­ratar frå Øystese som er blitt metropolit­tiske i hovudet. Vi som bur i den norske provinsen må berre prøva så godt vi kan å uttala Oslo Metropolit­an University på vårt beste provins-engelsk når verdas glupaste laerarstud­entar og skarpaste laerarprof­essorar har funne fram til Oslo på google map.

Det skal bli andre bollar når regjeringa kan strø om seg med indiske førskulela­erarar og franske tannteknik­arar som har seksarar i matematikk. Heia metropolen. Heia metropolit­tane.

 ??  ?? ASBJØRN KRISTOFFER­SEN
ASBJØRN KRISTOFFER­SEN

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway