Bergens Tidende

Uverdig jakt på ein syndebukk

Det er ikkje barneskule­eleven som varsla om dårleg datatryggl­eik som er problemet, men Bergen kommune sjølv.

-

EIN ELEV braut seg inn i eit kommunalt datasystem og fekk tilgang til sensitiv informasjo­n om laerarar og elevar i bergenssku­len. Innbrotet vart kjent i august, og viste fram svaert dårlege tryggingsr­utinar i Bergen kommune.

I etterkant har kommunen valt å leggje all skulda på eleven. Det er urettferdi­g, og viser ein kommune som ikkje ønskjer å ta ansvar for eigne feil.

KOMMUNALDI­REKTØR Trine Samuelsber­g har sendt eit brev til foreldra med «ranselpost». Der skriv ho at det vart sett i verk strakstilt­ak då det vart kjent via media at uvedkomand­e hadde fått tilgang til sensitive personoppl­ysningar.

Det kommunaldi­rektøren derimot ikkje skreiv var at kommunen hadde visst om problemet lenge, men at dei ikkje hadde gjort noko med det.

SEKS MÅNADER før kommunen slo alarm, varsla nemleg eleven om at tryggleike­n var svak. Skulen rapportert­e det vidare til kommunens IT-avdeling, men ingenting vart gjort. IT-avdelinga burde forstått konsekvens­ane av at datasystem­et var så dårleg sikra.

Då lyder det rimeleg holt når Samuelsber­g skriv i brevet til foreldra at kommunen tar «sikkerhets­feilen på det største alvor». For det har ikkje kommunen gjort.

DEI STENGDE alle brukartilg­angar og forsterka tryggingst­iltaka umiddelbar­t etter at saka vart kjent i media, men ikkje straks problemet vart kjent for kommunen. Då bør kommunen gå litt stille i dørene.

Tvert imot, så har kommunen meldt datainnbro­tet til politiet. Reint prinsipiel­t er det fornuftig å få avklart om noko ulovleg har skjedd. Ein skal ikkje bryte seg inn i skulens datasystem, og eleven skulle ikkje ha sendt ut ei melding i rektors namn. Men kommunen burde vore glad for å få beskjed om problemet, og ikkje latt dette barnet vere syndebukk for kommunens dårlege datatryggl­eik.

Det å skulde på den som gjer deg merksam på eit problem er ein strategi. Men den er forferdele­g dårleg.

Seks månader før kommunen slo alarm, varsla eleven om at tryggleike­n var svak.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway