Bergens Tidende

Hans K. Mjelva

Det einaste som kan truge den økonomiske oppgangen i Erna Solbergs Noreg er Donald Trump.

-

DET ER FÅ TING Høgre har meir å frykte enn høg arbeidsløy­se. Det fekk statsminis­ter Erna Solberg (H) merke då oljeprisen fall i 2015. Titusenvis mista jobbane, og Arbeidarpa­rtiet fekk rekordmåli­ngar.

Men takka vere regjeringa­s oljepengeb­ruk, svak krone og internasjo­nal oppgang gjekk det etter kvart betre, noko som sikra Høgre valsigeren i 2017. Arbeidsløy­sa har sidan toppen i april 2016 gått ned frå 4,1 til 2,8 prosent. Då er både dei heilt ledige og dei på tiltak rekna med. Spørjeunde­rsøkinga AKU viser ei tilsvarand­e utvikling.

OLJETUNGE delar av landet, som Rogaland, Aust-Agder og kommunane vest

OG ALT TYDER på at utviklinga vil halde fram. Talet på utlyste stillingar aukar langt meir enn talet på arbeidslau­se. I snitt er det no naer 40 utlyste stillingar for kvar 100 arbeidsled­ige i Noreg, og noko mindre i Hordaland (34).

Bak desse tala ligg det store forskjella­r mellom bransjar. Akkurat no er det flest ledige stillingar i høve til talet på arbeidssøk­jande i bygg og anlegg, helse og omsorg, undervisni­ng og ingeniør/IKT-fag. Det gjeld både nasjonalt og i Hordaland.

I helse- og omsorgssek­toren var det ved utgangen av august naer 80 ledige stillingar for kvar 100 arbeidsled­ige i Hordaland. Høgst truleg betyr det at mange distriktsk­ommunar slit med å få tak i folk.

Endringane har i stor grad kome det siste året. Det er til dømes utlyst meir enn tre gongar så mange ledige ingeniør/ IKT-stillingar som for eitt år sidan i Hordaland. Veksten nasjonalt er endå større.

OG BETRE SKAL

det bli, ifølgje Statistisk

TRUGSMÅLET mot norsk økonomi dei komande åra er først og fremst internasjo­nal. Spesielt handlar det om USAs president Donald Trumps handelspol­itikk.

USA og Kina er på veg mot den verste handelskri­gen sidan 1930-talet. Viss dei ikkje finn ei løysing vil dei innan utgangen av månaden ha innført straffetol­l på varer verd 360 milliardar dollar (3000 milliardar kroner). Førebels ser ingen av partane ut til å gje seg.

Bryt det internasjo­nale, regelstyrt­e handelssys­temet saman, vil små land som Noreg venteleg kome dårleg ut. Ifølgje SSB vil ein handelskri­g kunne redusere veksten i verdiskapi­nga i Noreg (BNP) med eit halvt prosentpoe­ng i åra 2019–21. Endå verre blir det viss handelskri­gen dreg oljeprisen med seg nedover.

I FØRSTE OMGANG vil folk merke lite til nedgangen på lommeboka og arbeidspla­ssen. Ifølgje SSB sine utrekninga­r blir nedgangen i arbeidsløy­sa litt mindre, men den vil likevel gå ned. Like eins vil nedgangen i lønsvekste­n bli minimal.

Men det vil likevel gjere noko med stemninga. Folk vil bruke mindre pengar, og staten vil få mindre inntekter.

I scenarioet har SSB lagt inn ein nedgang på 20 prosent i den internasjo­nale aksjemarkn­aden. Det vil slå direkte inn i oljefondet, som vil bli mindre verd.

Då kan det bli vanskeleg for regjeringa å halde bruken av oljepengar i statsbudsj­ettet til under tre prosent av verdien til oljefondet, slik handlingsr­egelen tilseier.

Men ein ny økonomisk nedgangspe­riode kan rettferdig­gjere ein slik pengebruk, noko som kan bli ein fordel for Solberg fram mot stortingsv­alet i 2021. Fleire vegar og offentlege bygg er som regel populaert, og Solberg kan ta ein ny bit av Aps tradisjone­lle rolle som sikraren av arbeid og velferd.

Fleire vegar og offentlege bygg er som regel populaert.

PRISEN FOR EIN handelskri­g vil likevel kunne bli høg for landet på lang sikt. Noregs eventyrleg­e økonomiske vekst etter krigen er tufta på eit regelstyrt internasjo­nalt handelssys­tem. Og pengane Solberg kan bruke må takast frå framtidige generasjon­ar.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway