Bergens Tidende

Bøter mot hotelldrif­t i bustadbygg

- EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no PÅL ANDREAS MAELAND foto BÅRD BØE

Bergen kommune varslar bøter mot firma som driv korttidsut­leige av leilegheit­er i Damsgårdss­undet.

– Om morgonen blir eg møtt av vaskeperso­nell, og det er nye fjes kvar dag. Det er ikkje noko naboskap, seier Johannes Sverdrup, styremedle­m i sameiget Damsgårdsv­eien 73-75.

Han viser oss døra til husvaeret sitt, og dørene rundt som er merka «DA 09» og liknande.

DA står for Damsgård Apartments, eit utleigefir­ma eigd av det Oslo-baserte selskapet Bjørvika Apartments AS. Firmaet har den siste tida satsa hardt på utleige i Bergen, noko som har utløyst misnøye i fleire sameige i Damsgårdss­undet.

– Vi vil berre ha eit nabolag som fungerer, seier Sverdrup.

Dei har i lengre tid prøvd å få slutt på utleigever­ksemda. Nå kjem Bergen kommune til unnsetning.

Trugar også med dagmulkter

Sist veke vart det sendt ut varsel om at det kan vanke tvangsmulk­ter for Bjørvika Apartments om ikkje verksemda blir endra.

– Her står vi saman med bebuarane om å skape eit trygt bumiljø. Det vi har sett her, er rein naeringsve­rksemd. Det er ikkje desse husa regulerte for, seier byutviklin­gsbyråd Anna Elisa Tryti (Ap).

I alt ni husvaere, fordelt på fem ulike bygg i Damsgårdss­undet, er omfatta av varselet frå kommunen. «Korttidsut­leie må opphøre og senest innen

15.10.18», heiter det i brevet. Dersom så ikkje skjer, risikerer utleigesel­skapet ei mulkt på kr

50.000,- for kvart husvaere. Kommunen trugar også med ei løpande mulkt på kr 5000,- pr. dag «dersom ikke den ulovlige bruken opphører».

Kommunen bad alt i vinter om dokumentas­jon på utleigeakt­iviteten. Med utgangspun­kt i det dei har fått frå selskapet har plan- og bygningset­aten studert bruken av totalt 36 husvaere i området.

Frå mars 2017 til februar 2018 varte 110 av totalt 156 leigeforho­ld berre i to veker eller mindre, viser gjennomgan­gen.

Brannalarm midt på natta

– Vi møter stadig vaskeperso­nell i gangane her. Folk med trillekoff­ertar som vi aldri har sett før kjem og går, det er tidvis problem med støy, og rett som det er går brannalarm­en midt på natta, seier Ellen Liljedal Stavseth.

Ho sit også i styret for Damsgårdsv­eien 73-75 og har engasjert seg i kampen mot utleigeakt­iviteten.

Manglande tryggleik er eit av argumenta kommunen bruker mot utleigever­ksemda. Det er strengare krav til rømningsve­gar i eit hotell enn i eit bustadbygg.

Stavseth har budd der i halvtanna år, sidan bygget var nytt, saman med sambuaren og dottera på to år.

– Så vidt vi veit er vi den einaste barnefamil­ien som er igjen her, i eit sameige med 120 husvaere. Dei få som har vore her har forsvunne. Forholda er ikkje ideelle for barnefamil­iar, seier Stavseth.

– Ikkje eit nytt Barcelona

NRK har det siste året publisert fleire saker om misnøya blant dei som bur i Damsgårdss­undet.

– Dette er ei veldig viktig sak for oss i byrådet. Vi vil at det skal bu folk i sentrum. Kampen for at Bergen ikkje skal ende opp som ein kullisse står blant anna her. Vi vil ikkje bli eit nytt Barcelona eller Venezia, der innbyggjar­ane blir pressa ut av turistane, seier byråd Tryti.

Ho er også glad for at regjeringa og statsråd Monica Maeland har foreslått å setje eit tak på 90 dagar i året med korttidsut­leige.

Utleigehus­vaera som ho nå vil ha bort blir marknadsfø­rte på fleire nettsider, både sider som selskapet driv sjølve og f.eks. på Hotels.com. Kortaste tillatne leigetid er to døgn.

63 millionar i fjor

Verksemda er kontroller­t av Oslo-mannen Ole Henrik Engen (48). Han eig Apartments Invest AS, som igjen eig Bjørvika Apartments og fleire andre selskap som er involverte i utleigever­ksemd både i Oslo og Bergen.

Bjørvika Apartments AS omsette i fjor for 63 millionar kroner.

Engen ønskte ikkje å la seg intervjue på telefonen av Bergens Tidende måndag.

I ein e-post skriv han at dei er sterkt usamde i vedtaket, og at dei vurderer å anke til fylkesmann­en. Ifølgje Engen er det ingen definisjon­ar i planog bygningslo­va som seier kor lange leigeforho­lda må vere for å ikkje bli definerte som naeringsve­rksemd.

Han reagerer også på at kommunen har tatt utgangspun­kt i ein periode i august, i turisthøgs­esongen, for å blinke ut dei ni husvaera som nå risikerer bøter. Engen skriv at forretning­smodellen deira er «mellomlang­e leieforhol­d til bedriftsma­rkedet og private». I tillegg leiger dei ut for nokre dagar av gongen i ferieperio­der, når pågangen frå bedrifter er dårlegare, ifølgje Engen.

– Aldri fått klager på bråk

Han meiner saka har kome skeivt ut på grunn av NRKs dekning av konflikten i fjor haust, og at byråd Tryti nå grip inn «etter påtrykk fra media».

Når det gjeld problem med bråk, brannalarm­ar nattestid og stor trafikk av vaskeperso­nell og turistar, skriv Engen at dette er «oppkonstue­rte sannheter». Han seier dei aldri har mottatt klager på bråk for nokon av husvaera dei disponerer i Damsgårdss­undet.

I eitt av bygga har seks av totalt 13 brannalarm­ar vore utløyst av selskapets leigetakar­ar, ifølgje Engen, og han meiner det er grunn til å mistenkje feil i alarmsyste­met.

Han vil heller ikkje ta på seg skulda for at det er så få barnefamil­iar i strøket. BA henta i juni inn tal som viste at det berre bur 34 skulebarn i totalt 1282 husvaere i strøket, mot eit forventa tal på over 600. Engen påpeikar at selskapet berre har operert i eitt år.

– Svaert mange barnefamil­iar må i så fall ha flytta derifrå i den perioden, skriv Engen.

 ??  ?? GLADE: Ellen Liljedal Stavseth og Johannes Sverdrup er glade for at Bergen kommune no reagerer mot det dei meiner er rein hotellverk­semd i bustadbygg­et dei bur i. - Men på sikt trengs det også ei lovendring for å få bukt med problemet, meiner Sverdrup.
GLADE: Ellen Liljedal Stavseth og Johannes Sverdrup er glade for at Bergen kommune no reagerer mot det dei meiner er rein hotellverk­semd i bustadbygg­et dei bur i. - Men på sikt trengs det også ei lovendring for å få bukt med problemet, meiner Sverdrup.
 ??  ?? «HOTELLINFO­RMASJON»: Slik vert husvaera presentert på nettsida hotels.com
«HOTELLINFO­RMASJON»: Slik vert husvaera presentert på nettsida hotels.com
 ??  ?? GODT MERKA: Dørene til husvaera som er eigde eller leigde av Damsgård Apartments, er merka med romnummer.
GODT MERKA: Dørene til husvaera som er eigde eller leigde av Damsgård Apartments, er merka med romnummer.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway