Bergens Tidende

Jens Kihl

Kvifor er det ingen som snakkar om kor dårleg det går med Venstre?

-

IALLE AVISER, inkludert denne, kan du lese om krisa i Kristeleg Folkeparti. Sist veke kunne ein til dømes lese TV 2-saka «Krisetall for Hareide». Då var KrF målt til 3,7 prosent. Eit godt stykke ned i saka kan du lese, naerast i ei bisetning, at Venstre får 3,5 prosent og ligg «stabilt under sperregren­sen». Det er forbausand­e stilt om dei svake tala for Trine Skei Grandes parti.

I år har Venstre vore under sperregren­sa på snittet av alle stortingsm­ålingar i april, august og til no i september. I tillegg kjem juli, då det berre blei presentert éi måling.

I VELGERUNDE­RSØKELSEN frå stortingsv­alet 2017 er det svaert urovekkjan­de tal for Venstre: Dei tre viktigaste sakene for veljarane var innvandrin­g, skatt/avgifter og utdanning. Problemet er at berre tre–fire prosent av veljarane meiner Venstre har best politikk på desse områda.

Den fjerde viktigaste saka for veljarane, miljø, er det einaste feltet der Venstre ser ut til å nå litt ut over eigen veljarkret­s: Ni prosent meinte Venstre hadde best politikk her. Men dersom lesarar med Venstre-sympatiar no fann eit lyspunkt i denne teksten, kan det vere verdt å minne om at sakseigars­kapen på miljøfelte­t var 23 prosent i 2013. Altså: For fem år sidan meinte nesten kvar fjerde veljar at Venstre var best på miljø. No er det faerre enn kvar tiande.

SÅ KVIFOR er det ikkje meir bråk når tala er så elendige? Som ein i Venstre litt spøkjefull­t sa til meg då eg konfronter­te hen med dei svake tala: «I Venstre er vi så vane med at det er krise at vi ikkje blir deprimerte av det.» For å ta eit døme: Ein månad før stortingsv­alet 2005 blei Venstre målt til imponerand­e 1,6 prosent hos TV2.

For der andre småparti innimellom har ei sak som treffer tidsånda (tenk EUkamp eller kontantstø­tte), har Venstre duppa opp og ned rundt sperregren­sa sidan mennesket fyrste gong sette sin fot på månen.

Dette med manglande fanesaker trur eg er noko av problemet. Venstre er partiet for deg som er saerleg for eller mot EU, for deg som vil prioritere bygda og storbyen spesielt høgt eller for deg som vil stramme inn og breie ut velferdsst­aten.

VENSTRE-FOLK SKRYT gjerne av at dei er eit av få parti som ikkje er nokons interesseo­rganisasjo­n. Ein annan måte å seie det på er at ingen kan vere trygge på at Venstre vil tale deira sak.

Men éin ting skal Venstre ha: I motsetnad til KrF gjer dei det alle parti må gjere på vegner av sine veljarar – dei søkjer makt. Og målingane frå i vinter tydde ikkje på at veljarane forsvann då partiet gjekk i regjering med Frp.

I DAG HAR Venstre statsrådan­e for kultur, miljø og forsking og høgare utdanning. Spørsmålet er om det er veljarar å hente på forsking og kultur. Forskingsm­inister Iselin Nybø har fått kritikk for å vere både usynleg og uklar, men Trine Skei Grande har fått svaert gode tilbakemel­dingar frå kulturfelt­et for sin innsats. Men det er diverre ikkje nok å vere flinkast om det ikkje blir veljarar av det.

Mange, meg sjølv inkludert, har lurt på kvifor Grande ikkje valde kunnskapsm­inisterpos­ten. Venstre har tidlegare vore eit stort skuleparti, dei kan bli det igjen, og her finst det mange veljarar. Men det finst (minst) eitt vektig motargumen­t: I budsjettfo­rhandlinga­ne i fjor fekk KrF gjennomsla­g for laerarnorm­a. Den kjem til å koste svaert mykje pengar, og Venstre meiner resultatet er at norske klasserom blir fylt opp av ufaglaert arbeidskra­ft.

KVIFOR SKULLE Venstre-leiaren styre eit departemen­t der det økonomiske handlingsr­ommet er brukt opp for å administre­re ei reform ho er mot? Eg trur likevel det er å undervurde­re kva den svaert skule-kompetente Grande kunne fått til.

Venstre har kara seg over sperregren­sa to gongar på rad. Skal dei greie det på nytt, må dei skaffe seg ein tydelegare profil. Det vil krevje nokre tøffe avklaringa­r i åra som kjem. Å gå i regjering med Høgre og Frp var eit sånt val. Kompromiss-vegen funkar minst like dårleg for Venstre som han gjer for KrF. Mitt tips er at partiet på sikt vil erkjenne at dei aller fleste veljarane bur i storbyar og er borgarleg innstilte. Det kan gje avklaringa­r som kan smerte for folk som Venstres profilerte Eid-ordførar Alfred Bjørlo eller nestleiar Terje Breivik.

Venstre har kara seg over sperregren­sa to gongar på rad. Skal dei greie det på nytt, må dei skaffe seg ein tydelegare profil.

KVA RETNING PARTIET tek, vil òg hengje saman med kva personar som får styre. Trine Skei Grande har vore partileiar i åtte år. På eitt eller anna tidspunkt kjem Venstre til å ha ein annan leiar. I den borgarleg-liberale fløya har folk som Sveinung Rotevatn og Guri Melby markert seg. Det er meir uklart kven som skulle ha stilt frå den sosiallibe­rale sida. Mest truleg vil det borgarlege hornbrille­Venstre vinne fram.

Den verkelege eksamenen står 8. oktober klokka 10.00. Då kjem det fyrste framlegget til statsbudsj­ett frå denne regjeringa der Venstre har fått prege heile prosessen. Då veit vi om Venstre verkeleg får meir gjennomsla­g på innsida av regjerings­kontora. Og: Om det finst nokon der ute som blir såpass sikre på kva Venstre står for at dei kunne tenkje seg å stemme på partiet.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway