Bergens Tidende

KrF, vend om!

-

Folkeparti kunne det heite Humanistis­k Folkeparti. Det ville vere meir dekkjande for det partiet står for.

Det er eit ansvar å bere kristennam­net. Å kalle partiet kristent skulle innebere at ein byggjer på Bibelen, Guds ord. Dette gjer ikkje Kristelig Folkeparti lenger! Partiet vart starta av eldsjeler som Nils Lavik og vart vidareført av Lars Korvald og Kåre Kristianse­n. På den tida kunne ein som kristen trygt stemme på dette partiet. Seinare tok Kjell Magne Bondevik og Knut Arild Hareide over. Dei har ført partiet inn i ei liberal retning der mange av oss ikkje kjenner oss att.

FØR I TIDA låg partiet på over ti prosent, men no er spørsmålet om dei vil halde seg over sperregren­sa på fire prosent. Dette viser at KrF har gått i feil retning. Kristne stemmer no på ulike parti og har vorte splitta. Eg sjølv stemmer på partiet De kristne. Dette er eit lite parti, men det har eit godt program som står for dei kristne verdiane og støttar Israel og det jødiske folket. Fylkesleia­r i Møre og Romsdal KrFU skriv i ein artikkel kvifor han går i Pride. Det er for å kjempe for menneskeve­rdet og nestekjaer­leiken. Dette er viktige ting som man er einige om, men ein treng ikkje å gå i slike tog for å fremje dette. Vi er alle skapte i Guds bilete og er verdifulle. Gud elskar syndaren, men hatar synda. Legninga er at vi er skapte som mann og kvinne: «Og Gud skapte mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, til mann og kvinne skapte han dei» (1. Mosebok 1:27). Dette er Guds sanne ord som står fast til evig tid!

VI ER MANGE som mislikar at homoflagge­t vaiar over alt, og ser på det som ei forbanning over land og folk. Flagget har seks fargar, men regnbogen har sju fargar. Seks står for det menneskele­ge, men sju for det guddommele­ge. KrF burde vere for gode til å støtte det som FRI står for. Dei burde også vere meir aerlege. Vi erfarer lokalt at dei bryt valløfta sine. KrF, vend om mens det enno er tid!

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway