Bergens Tidende

Telefonkri­gen

Bombinga av Libya viste at Noreg manglar gode rutinar for å gå til krig.

-

AVGJERDA OM Å SENDE norske jagarfly til Libya vart tatt utan eitt einaste formelt møte i regjering eller storting. Regjeringa­s underutval hadde berre kontakt på telefon. Det er uakseptabe­lt.

Norske politikara­r hadde «svaert begrenset» kunnskap om situasjone­n i Libya, skriv utvalet som har evaluert den norske deltakinga i bombinga av landet i 2011. Då hjelper det ikkje at utvalsleia­r Jan Petersen slår fast at Stortinget var konsultert før jagarflya byrja bombinga.

Flya var allereie sendt, og avgjerda var i realiteten tatt. Noreg kan ikkje gå til krig på den måten.

Tryggingsr­åd ein resolusjon som opna for militaer inngriping mot Libya. To dagar seinare sende den norske regjeringa F-16-fly til Libya.

Målet var å stoppe eit mogeleg folkemord.

Nato-aksjonen gjekk langt utover FN-mandatet. Den skulle beskytte sivilbefol­kninga, men støtta opprørsgru­pper som avanserte mot regjerings­haeren. Det enda med at Libyas president Muammar Gaddafi vart drepen.

«NORSKE STYRESMAKT­ER må ha vore kjende med at dette var ein konsekvens, og at andre land hadde definert regimeendr­ing som målsetjing», sa Petersen på pressekonf­eransen. Det poenget var fråverande i den norske debatten, noko utvalet skriv i rapporten.

Dette er spesielt viktig for soldatane som er med på slike aksjonar. Det er viktig at soldatane kan stole på at avgjersler frå politisk hald er grundig gjennomgåt­t og grunngitt, slik at dei ikkje blir sitjande igjen med ein følelse av at dei har vore med på noko dei ikkje burde, seier Dag-Magne Lunde i veteranfor­bundet NVIO til Aftenposte­n.

LIBYA-KRIGEN VART grunngjeve med humanitaer­e omsyn, som vart gjeldande etter folkemorda i Rwanda og Bosnia på 1990-talet. FN-prinsippet om humanitaer intervensj­on vart laga etter mal frå Natos inngriping i Jugoslavia i 1999.

Befolkning­a i Kosovo var truga av etnisk reinsing frå Jugoslavia, og Nato-bombinga førte til at provinsen erklaerte sjølvstend­e.

ELLEVE DAGAR etter Gaddafis død avslutta Nato oppdraget. Kontrasten til Kosovo er enorm. Der er det framleis fleire tusen fredsbevar­ande styrkjer.

Regjeringa­s underutval hadde berre kontakt på telefon. Det er uakseptabe­lt.

Det er synd at den manglande oppfølging­a etter bombinga ikkje er ein del av utvalets mandat eller rapport.

Noreg har ikkje sendt jagarfly på Nato-oppdrag for siste gong. I framtida bør konsultasj­onen med Stortinget vere reell, og ein må vere open om kva formålet med krigshandl­ingane er.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway