Bergens Tidende

Tvang den nye makta?

-

makt og innverknad til eiga fordel. Men regionane vil ikkje. Regiongild­et starta med tvangssama­nslåingar av kommunar til høgrøysta motstand og heldt fram med enda meir dramatisk tvangssama­nslåing av fylke til nye regionar. Kva slags retning er dette landet på veg? Trur regjeringa at tvang er løysinga for å utvikle og byggje landet? For fylke som Sogn og Fjordane og Finnmark, som er ulike som natt og dag, vil regionrefo­rma flytte maktsentra­liseringa frå Oslo til Bergen eller Tromsø. Desse fylka vil uansett kome dårleg ut grunna folketal. Trur regjeringa at Finnmark har same utfordring­ar som fylka kring Oslo? Er alt likt fordi dei tilfeldigv­is er oppdelt i ulike fylke? Er alle fylka like store med lik kultur og historie?

Tidlegare fylkesrådm­anna si Finnmark, Kurt Mosbakk, skreiv eit godt innlegg i Aftenposte­n 6. september om nedsnakkin­ga av Finnmark. At fylket ikkje kunne ta hand om seg sjølv fordi dei var for få og små og hadde for lite kompetanse. Slike påstandar er i beste fall forsøk på hersketekn­ikk som ikkje høyrer heime i ein regiondeba­tt.

Eller er det greitt å tvinge gjennom lovene sine framfor å nytte demokratie­t og høyre på folket?

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway