Bergens Tidende

Store pengar til Oslo-musea, smular til musea i Hordaland

-

(KrF)

Hordaland fylkeskomm­une så mange. Men av statlege midlar får dei heile seks gonger så mykje som Hordaland. Det kan vi ikkje akseptere. Eg forventar at våre politikara­r på Hordalands­benken krev ei betydeleg auke i statlege overføring­ar til musea i Hordaland slik at dei kan gjere den viktige jobben dei er sett til.

MUSEA I HORDALAND forvaltar ein unik kulturarv av nasjonal og internasjo­nal interesse. Vi kan ikkje lenger godta at dei blir drifta på sparebluss. Dette set samlingane i fare og bidrar til dårlegare formidling for dei besøkjande.

Som leiar i utval for kultur, idrett og regional utvikling i Hordaland har eg fått eit sørgjeleg innblikk i utfordring­ane. Manglande vedlikehal­d, kutt i stillingar og stadige nedskjerin­gar i det faglege innhaldet blir resultatet. Eg er sterkt bekymra for utviklinga.

Fylket bidreg årleg med 51 millionar kroner til musea våre. Vi skulle gjerne bidratt med meir! Vi klarte å heve nokre av musea for 2018, men behova er store, og midlane knappe. Sjølv om vi får til eit lyft frå regionalt hald vil det monne lite. Dei store pengane må kome frå staten. Og når vi veit at Oslomusea får 310 kroner per besøkjande medan Hordalands­musea får 120 kroner, så skjønar vi at potensiale­t for auke er enormt.

No må det vere Hordaland sin tur!

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway