Bergens Tidende

Bomskot frå Tvedt

-

DET KUNNE IKKJE VARE. Freden som hadde senka seg over norsk OL-debatt var dømt til å bli avbroten. Før helga gjekk idrettspre­sident Tom Tvedt ut og varsla at han vil ha Idrettstin­get med seg på eit vedtak om OL på norsk jord – og vedtaket skal kome allereie våren 2019. Det er ikkje mange åra sidan det blei klart at stortingsf­leirtalet var mot OL, men no vil Tvedt ha omkamp.

«Jeg er kjempefor å få et stort arrangemen­t til Norge», seier Tvedt til NTB. Vi skal ikkje lenger tilbake enn til Ungdoms-OL i februar 2016 for å finne førre forsøk på å tenne den norske OL-elden.

ARGUMENTA SOM VOG tyngst då Høgre landa på OL-nei i 2014, er minst like tunge i dag: Den internasjo­nale olympiske komité (IOC) er ikkje blitt vesentleg meir demokratis­k eller likestilt på desse åra, og det blir stadig avslørt nye korrupsjon­ssaker. Likevel er det teke initiativ som kan gje ein meir velfungera­nde organisasj­on på lang sikt, og desse bør Noreg stø.

Framleis er prisnivået på eit vinter-OL langt over det Noreg bør bruke. Som verdas fremste medaljegro­ssist i vinter-OL er det ikkje urimeleg at Noreg frå tid til annan skal ta på seg tilskipara­nsvaret, men vi har ikkje mange titals milliardar til overs på statsbudsj­etta. Og forskinga er eintydig: Det er nesten umogleg å lage eit OL som held budsjettet, og alle forsøk på nedskaleri­ng har stranda.

DET ER HELLER IKKJE sånn at IOC kan få styre samfunnsut­viklinga i Noreg. Eit norsk OL må kome heile landet til gode, og ikkje berre klumpast saman ein plass på indre austland.

Tvedt meiner kabalen kan bli lagt opp slik at Noreg plutseleg ikkje er aktuelle for OL før i 2034 eller 2038. Det kan godt vere, men det er heller ikkje noko rop i folket etter eit OL på norsk jord no. Folkeleg støtte er heilt avgjerande om Noreg skal søkje.

Kristin Kloster Aasen, norsk medlem i IOC, har tidlegare sagt at Noreg har bidrege til IOC-forbetring­ane ved å seie nei til OL i Noreg. Vi må halde fast på den lina fram til kostnadene er på eit meir fornuftig nivå.

Det er heller ikkje noko rop i folket etter eit OL på norsk jord no.

TOM TVEDT HAR framleis ein stor jobb å gjere med å rydje i eige hus. Han bør bruke kreftene sine på det, i staden for å drøyme om ein blankofull­makt frå Idrettstin­get til å ta nok ein omkamp om OL. Regjeringa må gje klar melding om at Tvedt kan leggje vekk OL-draumen i dag. Inntil vidare får vi sjå elden lyse i halv- og heildiktat­ur nokre år til.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway