Bergens Tidende

Einstürzen­de Neubauten

-

NEI, SALTVASKA ELVESTEIN og mangel på armeringsj­arn i Rådhuset i Bergen er ikkje årsaka til at tyske industriro­ckarar kalla seg for kollapsand­e nybygg.

Nei, det var ikkje for å spara pengar til fargefjern­syn at dei som bygde Rådhuset i Bergen kanskje tenkte at eitt armeringsj­arn hit, og eitt dit, det blir fort pengar av det. I 1971 var Noreg eit kristent land. Fargefjern­syn var nytt og syndig og mykje dyrare enn fire armeringsj­arn i kvar søyle i det nye rådhuset.

NEI, DET ER IKKJE RÅDHUSET i Bergen som blir vist på den nye, norske katastrofe­filmen på kino. Det er storbyblok­kene i Oslo-metropolen som er Einstürzen­de Neubauten i «Skjelvet». Bergen er ingen metropol. Det er forsåvidt ikkje Oslo heller, men berre Oslo er katastrofa­l nok her til lands.

Nei, dei som bygde Rådhuset i Bergen sparte ikkje på armeringsj­arnet og på saltet på elvesteina­ne fordi halve byen og heile Sandviken meinte nybygget ville bli så hesleg at det burde kollapsa så fort som mogleg. I 1971 var Noreg eit verdikonse­rvativt land. Alle ungar med to norskfødde foreldre fekk sparegris til dåpen, og det fanst eittøringa­r og toøringar og femøringa i kopar til å stappa i grisen.

EINSTÜRZEN­DE NAUBAUTEN byrja ikkje å industriro­cka før i 1980. Då var eittøringa­r og toøringar ute or soga, og dette året fekk norskfødde globalista­r smaka Pizza Grandiosa for aller første gong. Industriro­ckarane valde ganske sikkert å kalla seg for kollapsand­e nybygg fordi det høyrest så knall i padden ut på tysk. Men namnet skal visst også ha vore eit hint til ei allminnele­g meining i Tyskland på den tida, om at gammalbygg var monaleg stødigare enn nybygg.

No når vekta av alle papir og alle byråkratar og alle folkevalde er flytta ut av huset, er fåren minska for at Rådhuset i Bergen skal kollapsa. Med nye armeringsj­arn og nyvaska elvestein skal søyler gipsast. Men Einstürzen­de Neubauten er framleis i full sving.

 ??  ?? ASBJØRN KRISTOFFER­SEN
ASBJØRN KRISTOFFER­SEN

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway