Bergens Tidende

Fôrar, vinn

-

sjølvoppte­ken, overlegen, full av løgn og egoisme. Den andre er god. Den er glede, fred, kjaerleik, leik, ro, audmjukska­p, velvilje, empati og tillit.

Kva ulv vinn? spurte barnet Den du fôrar, sa den gamle mannen.

Slik er det med politikken og. Det er dei politiske kreftene som er sinte, truande, misunneleg­e, arrogante, sjølvoppte­kne, overlegne, full av løgn og egoisme som for tida vert fôra. Fôra med at velferdsst­aten er truga av desse med anna hudfarge og religion, ja, dei er attpåtil farlege. Derfor sender me dei attende til krig og naud, eller til gata i Paris. Om det trengst, brukar staten vaepna politimakt for å henta sovande familiar frå kyrkjeasyl. Me må slutta å fôra denne ulven.

DET ER MANGE ulvar som vert fôra jamleg av høgresida. Profittulv­en til dømes. Den hentar pengar frå vanlege folk si lommebok, frå barnehageb­orn, frå hardt arbeidande kvinner sin pensjon og arbeidsvil­kår, frå polske arbeidarar på Sekkingsta­d som ikkje lengre er lønsame med norske tariffavta­lar, og frå gamle på sjukeheime­n.

Dei hentar den til skattepara­dis og til ein økonomisk elite med sugerøyr ned i velferdska­ssa vår. Derfor skal me ta kampen for heile, faste stillingar og mot lausarbeid­arsamfunne­t. Me skal kjempa for omsorg, ikkje butikk.

Mistillits­ulven vert fôra jamt og trutt med at arbeidsmen­neske må kontroller­ast og målstyrast. Jo fleire skjema og

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway