Hans K. Mjelva
Staten undergrev utbygginga av vindkraft i Noreg når dei køyrer over lokaldemokratiet slik dei har gjort i Flora.
IHELGA kunne BT fortelje om ei gigantisk utbygging av vindmøller i det til no urørte naturområdet Guleslettene, nord for Florø. Det er ei historie om statleg arroganse og om byråkratar som går saman med kapitalsterke utbyggjarar i å køyre over eit lokalsamfunn.
Politikarane i Flora sa i 2014 ja til ei utbygging, men i ettertid er planane endra og blitt langt meir omfattande. Utan at politikarane har noko dei skulle sagt. Vindmøllene blir ikkje 125 meter høge, men 160 meter. Heile parken blir flytta naermare Florø, til dei mest synlege fjelltoppane. Og fordi vindmøllene blir så høge må mange av dei utstyrast med blinkande høgintensitetslys.
VARAORDFØRAR Jan Henrik Nygård (V) samanfattar erfaringa slik: «Vi er blitt lurt. Svaere vindturbiner er flyttet akkurat dit vi ikke ønsket dem. Vi snakker her om den største industriutbyggingen i Sogn og Fjordane noensinne. Anlegget vokser og vi har ingen påvirkningskraft. Det må vaere noe fullstendig galt med saksgangen til NVE».
Eg må vedgå at eg ikkje heilt forstår at synlege og blinkande vindmøller er noko stort problem. Dei naermaste møllene kjem 7,5 kilometer frå Florø. For meg er ikkje vindmøller stygt. For meg er vindmøller ein viktig del av løysinga på klimaproblema.
Men eg har ikkje vore i Florø. Eg veit ikkje korleis dette blir opplevd. Og akkurat denne avstanden er noko av kjernen i striden mellom byråkratar og eigarar som bur langt borte, og folket som får vindmøllene innpå seg.
For meg er det sjølvsagt at lokalbefolkningas ord skal vege tungt. Noreg er ikkje eit fattig land med eit korrupt styre som let seg kjøpe av internasjonal storkapital. Så kvifor denne sentrumsarrogansen?
NVE FORSVARAR endringane med at den planen politikarane sa ja til i høyringa berre var eit døme på korleis utbygginga kunne bli. Rådgjevar Sissel Jakobsen seier det er «helt i tråd med praksis å operere med såkalte eksempelløsninger» når ein søkjer konsesjon for vindkraftverk.
Kommunane kan med andre ord ikkje stole på planane som blir lagt fram. Det blir nok lagt merke til i dei mange kommunane som skal ta stilling til vindmølleutbyggingar i tida framover.
Verda treng fornybar energi, men måten NVE går fram på her undergrev vidare vindmølleutbyggingar her i landet. Når ein køyrer over lokaldemokratiet på denne måten, må ein rekne med at motstanden mot nye utbyggingar vil vekse.
ENERGILOVA gjev staten stor makt i å avgjere kva som skal byggjast ut av fossar og vindkraftanlegg. Det er ein grunn til at det er slik. Om kommunane sjølve hadde fått bestemme ville truleg fleire fossar blitt lagt i røyr, medan faerre vindkraftanlegg ville bli bygde.
Det skuldast at kommunane får langt meir att for å byggje ut vasskraft, både i form av direkte eigarskap til kraftverka og på grunn av grunnrenteskatten. Hadde vindkraftkommunar fått like mykje att for vindkrafta, ville neppe motstanden vore så stor som han no er mange stader.
Lokalt har til dømes vindkraftplanar blitt møtt med stor motstand både i Gulen og Masfjorden. Meir blir det framover. Nyleg sende NVE ut på høyring eit kart der ein peikar ut dei mest eigna områda for vindkraft. Det vil fyre opp konfliktnivået ytterlegare.
STATEN HAR PLIKT til å vege interessene til kraftforsyning og klimatiltak opp mot omsynet til naturvern og mangfald. Eit av dei mest grunnleggjande tilhøva NVE burde ta omsyn til er å verne den vesle delen av naturen som ikkje er utbygd. Berre fem prosent av naturen i Sør-Noreg er urørt, ifølgje Miljødirektoratet.
Eit av desse var Guleslettene. No har anleggsmaskinene allereie byrja å gjere noko med det.
Utbyggjarane vil sjølvsagt ha områda med dei beste vindforholda og den kortaste vegen til eigna kraftleidningar. Det bør dei ikkje få, når andre omsyn tilseier det. Som omsynet til urørt natur.
Det er ikkje nødvendigvis slik at vindkraftutbygging blir like lønsamt som vasskrafta har vore. Akkurat no handlar utlendingars investeringar i norske vindkraftparkar meir om å sikre ei stabil, om enn låg, avkasting i ei tid der det er meir pengar på jakt etter avkasting enn det finst gode prosjekt.
I tillegg har dei ofte krav på seg til å bruke ein viss andel av fonda til grøne investeringar. Då er norske vindmøller perfekt, òg fordi norske straumkundar subsidierer vindkrafta via den grøne sertifikatordninga.
Verda treng fornybar energi, men måten NVE går fram på her undergrev vidare vindmølleutbyggingar her i landet.
KRAFTKABLAR til utlandet, meir effektive vindmøller og auka karbonavgifter vil likevel truleg gjere vindkrafta meir lønsam i framtida. Då vil spørsmålet fort bli om vi har gjeve frå oss vindressursane og mykje urørt natur for billig, ein interessant historisk parallell til diskusjonen om vasskrafta som leia opp til konsesjonslovene vi fekk frå 1906.
Vindkraftverket på Gluslettene vart i sommar seld frå ei gruppe fylkeskommunale kraftverk på Austlandet til Blackrock, verdas største kapitalforvaltar. Langs heile kysten er no svaert mange vindkraftprosjekt eigd av utanlandske selskap. Utlendingar har investert rundt 20 milliardar kroner i norske vindkraftanlegg, viser ei kartlegging BT, Stavanger Aftenblad og Adresseavisen gjorde i vår.
KONSESJONSLOVENE og det seinare oljeregimet var med på å sikre at områda med ressursane fekk sin del av kaka. I tillegg gjekk den største kakebiten til nasjonalstaten, til å finansiere velferd for alle. Vindkraftregimet bryt med denne logikken.
Då bør det ikkje overraske nokon om nye vindkraftanlegg vil møte langt sterkare folkeleg motstand i åra framover.