Bergens Tidende

Scoring i eige mål

Kommunar som knuser sparegrise­n før samanslåin­g med naboen, påfører innbyggjar­ane eit sjølvmål.

-

VESTLANDET STÅR framfor dei største endringane på kommunekar­tet på eit halvt hundreår. Mange strilar, hardingar, vossingar, sogningar, sunnfjordi­ngar og nordfjordi­ngar vil frå 1. januar 2020 bu i nye kommunar. Dei aller fleste av desse samanslåin­gane er komne til ved at kommunane frivillig har gått saman og sett at dei kan løyse oppgåvene best i fellesskap.

Den tilliten som er bygd opp gjennom fleire års arbeid, bør ikkje rivast ned på oppløpssid­a. I går kunne Bergens Tidende fortelje om dei storstilte utbygginga­ne i dagens Øygarden kommune. I haust opnar dei idrettsanl­egg for 110 millionar kroner. Og det er ikkje alt:

ORDFØRAR BØRGE HAUGETUN (Tverrpolit­isk valgliste for Øygarden) håpar òg den nye symjehalle­n på Rong står klar før kommunen slår seg saman med Sund og Fjell om eitt og eit halvt år. Prislappen der kan bli over hundre millionar.

Sjølv om planane har vore der ei stund, er ordføraren tydeleg på at det er samanslåin­ga som gjer at utbygginga skjer no: «Svømmehall­en bygger vi nå, for å vaere sikker på at den kommer», sa Haugetun til BT.

ØYGARDEN TEK ÒG med seg store skatteinnt­ekter inn i den nye storkommun­en, men det er grunn til å åtvare mot denne tenkinga. Heile poenget med å gå saman frivillig, er at ein har trua på at ein kan løyse små og store spørsmål til beste for alle i ein ny, større kommune.

Om kommunane no posisjoner­er seg ved å sylte ned storkommun­en i gjeld, gjer dei seg sjølve ei bjørnetene­ste. Dei tek frå den nye kommunen – som dei sjølv skal bu i – mykje handlingsr­om for framtida.

TIDLEGARE I HAUST ropte fylkesmann Sponheim varsku. Kommunar i Hordaland som snart slår seg saman med grannen, bruker meir pengar enn det som er forsvarleg. Fylkesmann­en peika på så godt som alle reformkomm­unane i fylket. Også Sogn og Fjordane tek opp mykje gjeld før fylkessama­nslåinga med Hordaland.

Den tilliten som er bygd opp gjennom fleire års arbeid, bør ikkje rivast ned på oppløpssid­a.

Mange av dei samanslått­e kommunane har laga gode plattforme­r som slår fast at innbyggjar­ane skal ha likeverdig­e tenester. Her er det viktig at «storebror» i samanslåin­ga viser seg som eit raust kommunesen­ter i framtida. Folk i utkantane må kunne stole på at ikkje sentrum sluker ressursane, men tvert om viser seg som ein motor for bygdene ikring.

GJENNOM TILLITSFUL­LT samarbeid kan kommunane skape gode lokalsamfu­nn for innbyggjar­ane sine. Det gjeld å oppføre seg pent på veg inn i ekteskapet.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway