Bergens Tidende

Jens Kihl

Det går eit pridetog langs vestlandsk­ysten. Halve Frp står igjen på stasjonen.

-

DENNE SOMMAREN har pride-toga for alvor kome til Vestlandet utanfor storbyane. Gjesdal, Haugesund, Ørsta/Volda, og sist helg Stord, har i år sett sine første pride-paradar. I tillegg kjem festivalan­e i Stavanger og Bergen.

Det er godt nytt for skeive på bygda – og kanskje dårleg nytt for Frp.

I helga feira tusenvis av sunnhordle­ndingar Storapride. For få år sidan var det nok litt utenkjeleg at eit tog som hyllar skeiv kjaerleik, skulle konkurrere med 17. mai-toget i Leirvik om å vere årets største. Tidene skiftar.

AVISA SUNNHORDLA­ND

skriv

i sin

leiar «Fargerikt folkehav», at dei vil nytte høvet til å hylle «fridomen, kjaerleike­n, mangfaldet, fellesskap­et og ytringsfri­domen». Dei peikar òg på kva dei trur er grunnen til den store mobiliseri­nga: Ein pride-festival på Stord er framleis ikkje ukontrover­sielt.

Laerar Jens Thoresen, som òg er pastor i Kristkyrkj­a på Stord, meinte arrangemen­tet var å «hytte knyttnevan­e» mot Gud. Tretti kristne signerte eit opprop i Sunnhordla­nd. Likevel viser deltakinga at pride-arrangøran­e har stor støtte òg utanfor storbyane.

THORESEN FEKK TYDELEG svar. Stortingsr­epresentan­t Silje Hjemdal frå Hordaland Frp skreiv i eit innlegg i Dagen at «ved å delta i Pride viser man at man i Norge skal kunne vaere åpen om hvem man elsker».

Og då er vi endeleg ved kjernen: Pridetog er med på å samle bygder og byar på Vestlandet, men saka er slett ikkje like samlande i Frp. Den fremste representa­nten for det pride-kritiske synet er i dag fungerande nestleiar i Frp, Sylvi Listhaug. La oss minne oss sjølve på historia her:

Sommaren 2016 deltok KrF-leiar Knut Arild Hareide i pride-toget i Oslo. Han hadde vore på familiefer­ie i Florida då 49 personar blei drepne på homo-uteplassen Dreams i Orlando. No ønskte han å vise solidarite­t med det skeive miljøet. Listhaug hadde ein annan plan.

talte Listhaug på Oslo Symposium, ein viktig møteplass for konservati­ve kristne. Der slo ho fast at «du treng ikkje gå i Pride-parade for å vere mot grufulle drap på homofile». Dette tydelege stikket til Hareide fekk varm applaus frå salen. Ho sa òg at ho sette kaffien i halsen då Hareide hadde opna for ein tredje kjønnskate­gori i Noreg.

Christian Haugen, tidlegare bystyrerep­resentant for Bergen Frp og i dag rådgjevar for regjeringa, meinte Listhaug var ein «brems» for det skeive miljøet.

EITT AV PROBLEMA for Listhaug er at store delar av Frp nettopp meiner at du bør gå i pride for å vise solidarite­t. Hjemdal er ein av dei som meiner pride-arrangemen­ta kan vere viktige for å kjempe mot bygdedyret. I 2009 kritiserte Listhaug Oslo Pride for å handle om «halv- og nesten helnakne folk» som dansa i Oslos gater. Det er relativt lite treffande for pridefesti­valane.

Dersom det var nakne homoar du kom for å sjå, trur eg paradane i både Leirvik og Volda må ha vore ei skuffande oppleving. Det var fleire allvêrsjak­ker enn tangatruse­r i gatene på Stord sist laurdag.

FRP-HJEMDAL gjekk ikkje i paraden på Stord, men ho var derimot på Bygdepride i Ørsta og Volda tidlegare i vår. Ein annan som deltok der, var voldingen, samferdsle­ministeren og Frp-stjernesko­tet Jon Georg Dale. Dale, som då var landbruksm­inister, omfamna arrangemen­tet. Frå medsunnmør­ingen Listhaug var det stille. Kanskje påfallande stille?

Dei fleste reknar Listhaug og Dale som dei to favorittan­e til å kjempe om leiarverve­t i Frp den dagen Siv Jensen går av. Båe to er opne om kristentru­a si, men dei definerer henne høgst ulikt. Den eine meinte pride er å «feire kjaerleike­n». Den andre meinte homofile «har en voldsom trang til å markere seg». Du kan jo gjette kven som sa kva.

Christian Haugen, tidlegare bystyrerep­resentant for Bergen Frp og i dag rådgjevar for regjeringa, meinte Listhaug var ein «brems» for det skeive miljøet.

DERMED BLIR VESTLANDET­S omfamning av pride-rørsla òg eit tydeleg uttrykk for det retningsva­let Frp skal gjere: Er det eit liberalt eller konservati­vt syn på verdispørs­mål som skal prege partia i åra som kjem? Og kor er eigentleg Frp-veljarane?

I vår måtte Listhaug gå av som statsråd. Eg var til stades i salen då ho heldt pressekonf­eransen sin i Justis- og beredskaps­departemen­tet i Oslo. Ho kom med mange harde ord mot politiske motstandar­ar, men ho sa òg noko eg tenkte var både veldig enkelt og veldig flott: «Eg vil vere meg sjølv. Eg vil ikkje vere sånn som alle andre.»

Den fridomen unner eg Sylvi Listhaug. Striden i Frp står om kor mange den fridomen skal gjelde for.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway