Bergens Tidende

Ein sunn renteoppga­ng

Det er eit godt teikn at rentene aukar.

-

I SJU ÅR har rentene berre gått ein veg for norske bustadeiga­rar, ned. Klokka 10 torsdag fekk mange for første gong oppleve at Noregs Bank sette opp styringsre­nta. Det har både dei og resten av samfunnet godt av.

Låge renter er sjølvsagt bra for alle som har lån. For mange gjer difor utsiktene til auka renter livet vanskelega­re. Ikkje minst gjeld det bustadkjøp­arar som har strekt seg langt for å få råd til ein stad å bu.

Men den rekordlåge renta har ført til ein kraftig vekst i gjelda til norske hushaldnin­gar. Det har vore sterkt medverkand­e til ein tilsvarand­e vekst i bustadpris­ane. Bustadpris­ane har auka langt meir enn folks lønningar. Di lengre slikt får gå føre seg, di større er faren for at det endar i ein brutal økonomisk nedgang.

Difor er det bra, både for folk og land, at rentene no kryp oppover att.

GÅRSDAGENS renteauke var på 0,25 prosentpoe­ng, frå 0,5 til 0,75 prosent. Rentebanen banken la fram tyder på at styringsre­nta vil gå gradvis opp til to prosent i 2021. Det betyr at rentene på bustadlåna naermar seg fire prosent.

Sjølv om bankane er pålagt å krevje at lånekundan­e klarer minst fem prosent, vil truleg ein del slite lenge før det.

20 prosent av norske lånekundar meiner dei ikkje vil tole meir enn ein prosent renteauke, ifølgje ei undersøkin­g Nordea fekk gjennomfør­t i februar. Ein del av desse seier dei ikkje vil klare rentevekst i det heile.

Når bankane i vekene framover venteleg vil sette opp rentene, vil det vise seg om dette stemmer.

Noregs Bank varslar at dei vil følgje med på verknadene av renteauken for dei gjeldstyng­de hushaldnin­gane. Blir nedgangen i forbruket sterkare enn banken trur, vil det kunne bremse rentevekst­en.

LÅNEKUNDAN­E sjølve gjer lurt i å følgje rådet til Forbrukarr­ådet, om å prute på rentene. Norske bankar går med svaert store overskot, og mange kan ha mykje å tene på ein telefon til banken. Eller å flytte lånet til ein annan bank.

Norske bankar går med svaert store overskot, og mange kan ha mykje å tene på ein telefon til banken.

Når renteauke er gledeleg, skuldast det ikkje minst fordi årsaka er at det går betre for norsk økonomi. Arbeidsløy­sa blir stadig lågare, eksportind­ustrien er optimistis­k og SSB spår at lønsvekste­n vil ta seg opp.

USAs handelskri­gar skaper rett nok noko uvisse om framtida. Førebels er det inga krise i sikte, men uvissa illustrere­r òg kvifor det er ein god ide å setje opp renta i oppgangsti­der: Då har ein noko å gå på viss økonomien skulle snu.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway