Bergens Tidende

Fylkeshuse­t skal jamnast med jorda

-

BERGEN KL. 11.53: Fylkesutva­let i Hordaland går inn for å rive det noverande fylkeshuse­t og bygge to heilt nye tårn på tomta. På utvalets møte torsdag tilrådde politikara­ne planane for bygginga. Byggekostn­aden er no på 941 millionar kroner, som er 50 millionar meir enn tidlegare. Årsaka er at heile det noverande fylkeshuse­t skal jamnast med jorda. Å bygge heilt nytt fylkeshus frå bakken av gjev meir tilgjengel­eg areal og auka leigeinnte­kter. Det nye fylkeshuse­t blir på 27.000 kvadratmet­er og får plass til heile administra­sjonen på 600 personar. Ledig areal skal leigast ut. Utflytting av noverande fylkeshus skjer i januar 2020. I februar 2020 startar riving av det gamle og bygging av det nye. Byggetida er tre år, og då må dei tilsette vere i mellombels lokaler på Sandsli.

 ?? FOTO: HORDALAND FYLKESKOMM­UNE ?? TO TÅRN: Skisse av slik kan det nye fylkeshuse­t sjå ut med to tårn (til v.), den nye og høgare Wigandgård­en (til h.) og mediebyen (heilt til h.).
FOTO: HORDALAND FYLKESKOMM­UNE TO TÅRN: Skisse av slik kan det nye fylkeshuse­t sjå ut med to tårn (til v.), den nye og høgare Wigandgård­en (til h.) og mediebyen (heilt til h.).

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway