Bergens Tidende

Kyrkja får ikkje lenger vite om nyfødde barn

-

Ei endring i folkeregis­terlova gjer at Den norske kyrkja ikkje lenger har tilgang til opplysning­ar om nyfødde barn.

Det kan påverke dåpstala.

I mange år har Den norske kyrkja fått melding frå Folkeregis­teret når medlemmene deira får barn. Frå 1. oktober er det slutt på dette. Dermed kan ikkje kyrkja sende ein dåpsinvita­sjon i posten, skriv Dagen.

– No kan vi ikkje lenger vende oss direkte til våre medlemmer som nettopp har fått barn. Det har vore fint å kunne vere aktive i møte med våre medlemmer og invitere til dåp på ein ryddig måte, seier Arne Mulen, sokneprest i Åsane kyrkjelyd, som ligg i ein barnerik bydel like utanfor Bergen sentrum.

Dåpstala i kyrkja har lenge vore fallande. Berre 53,1 prosent av barna som vart fødde i Noreg fjor, vart døypte. NPK

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway