Bergens Tidende

Bergensbur­ka

-

Pensjonist i BT I SIDELENGS VATN og vêr siglar to muslimar gjennom Gågaten, innpakka i svart frå topp til tå. Berre snaue fjesa er synlege inni hijaben. Muslimane styrer rett på meg. Dette må vera feil, tenkjer eg. Så tildekka muslimar skal ikkje oppsøkja vantru, kvite, gamle menn. Dei skal tvert om slå auga ned i møte med menn som ikkje er for dei, har eg lest.

– Det er Elín, seier den naeraste muslimen. Det kan ikkje vera saerleg mange muslimar som kallar seg for Elín, tenkjer eg. Når det så viser seg at den andre muslimen ropar seg for Terje, forstår eg at dei berre har kledd seg ut. Dei har utøvd kulturell approprias­jon. Nett som finansmini­ster Siv Jensen, då ho iførte seg indianarpr­insessebun­ad til ein kostymefes­t i departemen­tet.

MEN EG KJEFTAR ikkje. Eg trur ikkje Elín og Terje forstår kor krenkjande slik tilsniking kan vera for etniske og sosiale og kulturelle og religiøse minoriteta­r.

–Nokon må starta produksjon av bergensbur­kaer, seier Elín.

– Det er for mykje plunder med frakkar og jakker og hetter og bukser og vadestøvla­r. Bergensbur­ka kunne eg berre tredd over hovudet, alt i eitt trekk, bortsett frå støvlane, seier ho. Men det måtte no vera lov å letta på skjørtet og visa leggar i motbakkar og myrlendt terreng. Så muslimsk i hovuder er ho ikkje, tenkjer eg.

EG SEIER INGENTING. Når Herrens straffedom for sommarens sol og synder slår inn over Vestlandet, kunne det kanskje gjort seg med eit vandrande oljehyrete­lt. Men eg er i stuss. Ville ikkje bergensbur­ka for meg vore noko liknande som sotrabunad for ein gudbrandsd­øl som aldri har ete nytrekt pale til middag? Eg ville mislikt ein gudbrandsd­øl i sotrabunad, tenkjer eg.

Og kva ville muslimar tenkt om ein mann i burka? Det vil eg helst ikkje tenkja på.

ELÍN OG TERJE må gjerne visa seg fram i bergensbur­ka i Oppstemten og i Gågaten for min del. Dei må berre ikkje tru dei er meir tolerante og verdsopne og globale enn oss andre. Somme av mine beste vener har gått med paraply over Vidden.

 ??  ?? ASBJØRN KRISTOFFER­SEN
ASBJØRN KRISTOFFER­SEN

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway