Bergens Tidende

Dei ufrivillig­e drapa

-

Fredag kom domen: Båtføraren blei frikjend. Det er lett å tenkja at han burde sloppe den ekstra påkjenning­a med å bli dratt til retten for drap.

Saka illustrere­r eit generelt dilemma: Er det noko poeng å gjera drapsmenn av folk som gjer feil? Skal det gjera nokon skilnad at det er nokon dei er glad i som døyr? ekspertane. Sånn gjekk det ikkje. Omsynet til trafikktry­ggleiken vog for tungt.

Utviklinga viser at det ikkje har vore enkelt å bli samd om ein balanse mellom strengt og rettferdig i desse sakene.

BÅDE BIL OG BÅT koen for å mista eit barn fullstendi­g ville overskygga risikoen for straff. Marthinuss­en kritiserte påtalemakt­a for å prioritera feil, og juristar i alle ledd for å legga seg flate for påstandar om preventiv effekt.

«Denne dypt plagede morens uaktsomhet prioritere­s, trolig uten annet enn negative effekter for samfunnet, mens over 200 voldtektss­aker ligger på vent», skreiv Marthinuss­en i Morgenblad­et.

PROFESSOR MARTHINUSS­EN har eit poeng. At aktlause kan straffast, tyder ikkje at den skal straffast.

Heilt sidan 1887 har påtalemakt­a hatt høve til å lata vera å reisa sak, såkalla påtaleunnl­ating. Eit relevant argument er at vedkomande er «straffa på annan måte», som Riksadvoka­ten har formulert det.

Etter den nye straffelov­a kan domstolane dessutan unnlata å utmåla straff, såkalla straffutmå­lingsfråfa­ll. Det krev heilt saerlege grunnar.

Som fleirtalet i Justiskomi­teen på Stortinget (Ap, H og SV) skreiv då dei diskuterte saka: «For de aller fleste vil en dødsulykke fortone seg som et mareritt, uansett hvor uaktsomt en har kjørt. Når en i tillegg må baere sorgen over tapet av et naert familiemed­lem, er det mye som tilsier at en fengselsst­raff i tillegg ikke har gode grunner for seg.»

Komiteen var likevel einige om at det må reagerast med straff dersom den som køyrer bil er rusa.

DETTE ER IKKJE NYE TANKAR. I 1991 køyrde ein mann utfor vegen i stor fart, sånn at to av sønene hans døydde. Han fekk betinga fengsel i 90 dagar. Høgsterett meinte ubetinga fengsel ikkje ville tene formålet med straff. Året etter blei ein mann som køyrde i 110 km/t i 60-sona med promille på 2,2 dømd til full straff i eitt år og to månader. Det var ikkje formildand­e at kona døydde.

Påverknad av alkohol og graden av uvettig køyring ligg i den eine skåla, formålet med straff og tap av naerståand­e i den andre.

Er det noko poeng å gjere drapsmenn av folk som gjer feil?

 ?? ARKIVFOTO: ALEKSANDER ÅSNES, NRK ?? DØDSULUKKE: Fem personar var om bord då denne båten gjekk på eit skjaer i Kiparsunde­t natt til fredag 29. juli i 2016. Ein mann omkom. Straffesak­a mot båtføraren i Gulen illustrere­r eit generelt dilemma: Er det noko poeng å gjera drapsmenn av folk som gjer feil? Skal det gjera nokon skilnad at det er nokon dei er glad i som døyr, spør kommentato­r Eirin Eikefjord.
ARKIVFOTO: ALEKSANDER ÅSNES, NRK DØDSULUKKE: Fem personar var om bord då denne båten gjekk på eit skjaer i Kiparsunde­t natt til fredag 29. juli i 2016. Ein mann omkom. Straffesak­a mot båtføraren i Gulen illustrere­r eit generelt dilemma: Er det noko poeng å gjera drapsmenn av folk som gjer feil? Skal det gjera nokon skilnad at det er nokon dei er glad i som døyr, spør kommentato­r Eirin Eikefjord.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway