Bergens Tidende

Eirin Eikefjord

Ein fatal feil, ein du elskar døyr, og du kan bli stempla som drapsmann. Det kjennest feil. Er det likevel rett?

-

N2016 køyrde ein 45 år gammal mann småbåt i mørkret gjennom Kiparsunde­t i Gulen. Han hadde vore på Utkantfest­ivalen i Skjerjeham­n saman med faren og tre venner. På ferda gjennom sundet tok båtføraren feil av ei fyrlykt og eit anna landemerke. Kursen blei feil, og båten krasja med eit skjaer.

I kollisjone­n blei far hans kasta ut av båten og døydde. Statsadvok­aten i Hordaland tok ut tiltale for aktlaust drap.

– EG FØLER AT STATSADVOK­ATEN spenner ein som ligg nede. Det er forkastele­g at denne saka hamnar i retten, sa ein hyttenabo då han vitna i Bergen tingrett.

«MED FENGSEL INNTIL 6 år straffes den som uaktsomt forvolder en annens død», seier straffelov­a om den saka.

Det er aktløysa som er straffbar. Aktløyse betyr at nokon ter seg i strid med forsvarleg framferd, og at dei kan klandrast for det.

Vanlegvis handlar slike saker om bilkøyring som går over styr. Trafikkdra­p er eit felt der pendelen har svinga frå det eine ytterpunkt­et til det andre i den naere rettshisto­ria.

PÅ 60-TALET VAR NORSKE domstolar atterhaldn­e med å dømma for aktlaust bildrap samanlikna med andre land. Ei forklaring var at folka i juryen helst ikkje ville stempla nokon som drapsmann utan at dei hadde gjort graverande feil.

I 1963 greip Høgsterett inn og justerte kursen, men juryane heldt fram med den tilgivande linja. På 80-talet greip politikara­ne inn og skjerpa kravet til aktsemd. Det førte raskt til ei tredobling av talet på dømde. Då meinte politikara­ne at praksisen var blitt for streng.

Før den nye straffelov­a blei vedteken i 2005, ville Straffelov­kommisjone­n heva kravet til skuld. Det måtte grov aktløyse til for å dømma nokon for drap, meinte

er farlege reiskapar. Mange køyrer uvørdent, og med promille. Trugsmål om straff kan virka disipliner­ande.

Likevel kan det verka urimeleg å setta det tyngande stempelet drap på djupt tragiske ulukker. Han som rygga over nevøen sin, fordi han såg tvillingbr­oren trygt i spegelen. Mannen som sovna bak rattet slik at kona døydde.

Fortener dei drapsdom, det sterkaste klanderet samfunnet kan påføra?

«De generelle hensynene bak straffen vil normalt ikke kreve at det reageres med straff i slike spesielle tilfeller», skriv professor ved Politihøgs­kolen, Morten Holmboe i si utgreiing om problemsti­llinga i Tidsskrift for strafferet­t.

DET GENERELLE OMSYNET bak straff i Noreg er ideen om prevensjon: Straffa er meint for å skremma både gjerningsp­ersonen (individual­prevensjon) og andre (allmennpre­vensjon).

For nokre år sidan blei ei mor tiltala for aktlaust drap etter at barnet hennar drukna i badekaret.

I diskusjone­n som følgde, meinte UiOjurist Gert Fredrik Malt at ei slik sak godt kunne høyra heime i retten, fordi det er viktig for samfunnet å senda signal om at slikt ikkje kan aksepteras­t.

Jussprofes­sor Hans Fredrik Marthinuss­en ved UiB var ueinig, og meinte at risi-

Men avveginga er ikkje heilt rett fram. Morten Holmboe reiser fleire vesentlege spørsmål:

Skal det bety noko at dei etterlatne ikkje vil at gjerningsp­ersonen skal straffast? Kva når ulukka råkar andre enn den som står skadevalda­ren naer? Kven er naerståand­e nok? Kva om nokon blir sterkt skada, men overlever? Kor stor grad av aktløyse kan ein unnlata å straffa?

Desse spørsmåla har ikkje fått noko eintydig svar enno.

I SAKA MOT BÅTFØRAREN i Gulen, meinte tingretten at ein open båt med stor motorkraft i mørket, litt promille og fire passasjera­r måtte skjerpa krava til aktsemd.

Men båtføraren var båtvand, godt kjend og heldt forsvarleg fart. Tingretten konkludert­e med at faren sin død ikkje skuldast aktlaus navigering, men ein feil som sonen ikkje strafferet­tsleg kunne lastast for.

Som hyttenaboe­n sa i retten: Saka vil ikkje ha nokon preventiv effekt. Det er ein haug med båtførarar som oppfører seg som bajasar og hadde trengt å roa seg, men ikkje han. Han er tryggleike­n sjølv.

Det same kunne påtalemakt­a konkludert med for to år sidan, og lagt saka til side.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway