Bergens Tidende

By og land, klart det går an

-

Nynorsken fortener sitt eige bergenshus. Spørsmålet er kor høgt det er under taket i denne byen.

DET HADDE VORE FINT om huset blir ei feiring meir enn ein nekrolog, fritt for tungsinn og underdog-traumer. Ein stad der tung fjordadesp­erasjon og stutthogd fjell-lyrikk ikkje ligg på dørstokken og sperrer for dei nyfikne.

Der du ikkje treng sitere Olav H. for å få okei service i baren. Litt meir lågterskel­nynorsk hadde vore fint.

EG SYNS DET ER SÅ BRA at initiative­t kjem frå Hordaland Teater, som er i ferd med å gje nynorsken litt av andletsfar­gen, humoren og eitelskape­n tilbake. Midt i Bergen sentrum.

For denne saka vert kjent berre fire dagar før stiftinga Nynorsk kultursent­rum skal feire sitt 25-årsjubileu­m ved Ivar Aasen-senteret i Ørsta, men alle 24 offentlege partnarar og kulturmini­steren til stades.

STIFTINGA HAR GJORT ein livsviktig jobb med å forankre nynorsken i historia og kulturen, over store delar av landet. Men Bergen har ikkje teke del i denne gruppeklem­minga.

Desto viktigare er det at nynorskens hus plasserer seg midt i synet på det mest konservati­ve bokmålet, og kan vise at det er fullt mogeleg å leve greitt saman.

I beste fall kan nynorskhus­et gjere litt for å styrkje omdømet til ein by som ikkje er vidkjent for å vere språkleg tolerant.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway