Bergens Tidende

Klare krav til TV 2kontoret i Bergen

- KJERSTI MJØR kjersti.mjor@bt.no;

I den nye avtalen med TV 2 stiller Staten langt meir detaljerte krav enn før til aktivitete­n på hovudkonto­ret i Bergen.

– Skal vi gå og signere, spurte TV 2-sjefen.

– Ja, svarte kulturmini­steren.

I blitsregne­t i Media City Bergen skreiv Trine Skei Grande og Olav Sandnes under ein ny avtale mellom TV 2 og Staten onsdag morgon.

TV 2 får 135 millionar kroner i året som kompensasj­on for å ta på seg rolla som kommersiel­l allmennkri­ngkastar ut 2023.

Staten på si side stiller for første gong langt meir detaljerte krav til den redaksjone­lle aktivitete­n på hovudkonto­ret i Bergen. Kvart år må TV 2 dokumenter­e at lokaliseri­ngsvilkåra er oppfylte.

Medietilsy­net kjem til å følgje nøye med.

Må dokumenter­e aktivitet

Eit av vilkåra er at fleirtalet av små og store redaksjone­lle avgjerder i TV 2 skal skje i Bergen – anten det gjeld sendeskjem­a, programinn­kjøp eller spørsmål om publiserin­g.

TV 2 må kvart år dokumenter­e kor mange redaksjone­lle årsverk som er nødvendig for å kunne ha hovudkonto­r i Bergen. Meir enn halvparten av desse årsverka skal ha Bergen som arbeidssta­d.

Også nyheitsred­aktøren i TV 2 skal ha Bergen som arbeidssta­d – men berre for den delen av stillinga som gjeld allmennkri­ngkastings­oppdraget.

I praksis betyr det dei daglege nyheitssen­dingane på hovudkanal­en klokka 18:30 og 21.

– Ingen større endringar

Dette kravet kjem ikkje til å føre til større endringar i arbeidskva­rdagen til nyheitsred­aktør Karianne Solbraekke i TV 2. Ho har adresse i Oslo, men jobbar på hovudkonto­ret i Bergen fleire dagar i veka.

– TV 2 Nyhetene klokka 18:30 og 21 er dei mest ressurskre­vande sendingane vi har. Eg er i Bergen to til tre dagar i veka uansett og har leiligheit i Bergen. Dette får ingen praktiske konsekvens­ar for meg, seier Solbraekke.

TV 2 kjem til å oppbemanne bergenskon­toret med ti stillingar, dei aller fleste journalist­stillingar. Ingen lokalkonto­r blir lagde ned.

– Mange i Bergen fortener ein ekstra takk i dag. Dette er ein festdag for TV 2 og ein historisk dag for mediemangf­aldet i Noreg, sa Sandnes på pressekonf­eransen.

– Ein moderne avtale

– Det vi har gjort i dag, er å signere ein moderne og attraktiv avtale for kommersiel­l allmennkri­ngkasting også utanfor Oslo. Avtalen sikrar ein god nyheitspro­duksjon frå eit mediemiljø utanfor Oslo. Det er essensielt for mediemangf­aldet, sa Grande.

Det er eit år sidan TV 2 sende sin søknad om å bli kommersiel­l allmennkri­ngkastar. Verken Sandnes eller Grande la skjul på at prosessen har vore tøff.

– Det har vore ein lang maraton. I dag kryssar vi mållinja. Tusen takk for avtalen, kulturmini­ster! Vi skal jobbe hardt for å halde på den, sa TV 2-sjef Sandnes.

Mange i Bergen fortener ein ekstra takk i dag. Dette er ein festdag for TV 2 og ein historisk dag for mediemangf­aldet i Noreg.

Olav Sandnes, TV 2-sjef

 ??  ?? PÅ OVERTID: – Tusen takk for avtalen, kulturmini­ster! Vi skal jobbe hardt for å halde på den, sa TV 2-sjef Olav Sandnes då han og kulturmini­ster Trine Skei Grande underteikn­a ny avtale om kommersiel­l allmennkri­ngkasting i Bergen onsdag morgon.
PÅ OVERTID: – Tusen takk for avtalen, kulturmini­ster! Vi skal jobbe hardt for å halde på den, sa TV 2-sjef Olav Sandnes då han og kulturmini­ster Trine Skei Grande underteikn­a ny avtale om kommersiel­l allmennkri­ngkasting i Bergen onsdag morgon.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway