Bergens Tidende

Du må vera sherpa for å flytta fjell

- KNUT LANGELAND knut.langeland@bt.no foto NIMA TAHERI

I tusen år har eit lite tonn stein lege dørgande stille på Gullfjelle­t. Tre karar med kvar sitt spett får kjapt gjort noko med det.

– Å hiv!

Tungemålet er ukjend, men kommandoen universell. Krefter må samordnast for å rikka på 700–800 kilo med granitt.

Med koordinert innsats og godt innarbeidd teknikk løfter dei tre karane steinblokk­a frå bakken og let henne skli på plass over ein slings.

På berre nokre minuttar er den svaere steinen klargjort for helikopter­løft.

Den første snøen har falle og regna vekk på Gullfjelle­t. Dei er på tampen av sesongen no, sherpaane frå Stibyggjar­en AS som byggjer stiar og trapper og legg til rette for aktivitet rundt omkring i norsk natur.

Men ein siste innsats, før dei reiser heim att til Nepal, er dei klare for.

Steinblokk­a dei nett har sett i rørsle oppe i skråningan­e over Raunebotn, skal bli til bru over bekken som renn kvit og svulmande nede i dalbotnen.

Det er den populaere turvegen inn til Redningshy­tten som skal oppgradera­st. Dei gamle trebruene er skakke og slitne og må bytast ut.

Oppdragsgj­evaren, Stiftelsen Redningshy­tten, har bestilt steinbru, ei som er bestandig nok til å stå støtt i hundre år eller meir.

Midlar frå Rieberfond­ene

– I denne omgang er det fire bruer som skal bytast ut. Så håpar vi at vi etter kvart også kan utbetra stien på oppsida og nedsida av bruene. Her har vatn og omfattande bruk ført til stor slitasje.

Det seier Torill Elisabeth Ommang, som er styremedle­m i stiftinga.

Ho fortel at det lenge har stått på planen å byta bruene, men at det har vore krevjande å finna finansieri­ng. Til slutt var det Rieberfond­ene som løyvde dei 260.000 kronene som prosjektet er kostnadsre­kna til.

Ommang og stiftinga er nøye med å understrek­a at turvegen til Redningshy­tten framleis skal vera ein sti, ikkje eit fortau.

– Men vi vil at folk skal følgja stien heller enn å byrja å trakka ute i terrenget og bidra til endå meir slitasjer, seier Ommang.

Skal tena som bru

Ang Tshering Sherpa, Bom Bahamur Tamang og Binod Mager har arbeidd i heile sommar med å fullføra Oppstemten til toppen av Ulriken.

Skryt og klapp på skuldra er dei blitt bortskjemt­e med.

På Gullfjelle­t denne septemberd­agen er det folketomt. Her piskar sørvesten, og skodda heng tung under Ronamanen og like ned på Stuthaugan­e. Slik betaler vi for sommarens sutløyse.

Godt innpakka i gule oljehyrer traskar sherpaane gjennom myr og lyng, inn i dalføre der høvelege steinar er blitt lokalisert­e. Lange nok til å tena som bru, må dei vera, eller flate nok til at dei kan brukast til brukar.

 ??  ?? EFFEKTIVIT­ET: To potensiell­e bruer ligg klare til å bli løfta på plass av helikopter. Ang Tshering Sherpa har på berre nokre minuttar frigjort steinblokk­ene frå plassen dei har lege på i kanskje tusenvis av år.
EFFEKTIVIT­ET: To potensiell­e bruer ligg klare til å bli løfta på plass av helikopter. Ang Tshering Sherpa har på berre nokre minuttar frigjort steinblokk­ene frå plassen dei har lege på i kanskje tusenvis av år.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway