Bergens Tidende

Inntil 26 ulvar kan fellast utanfor ulvesona

-

Klima- og miljødepar­tementet har bestemt at 26 ulvar kan fellast utanfor ulvesona.

Lisensfell­ingsperiod­en startar måndag 1. oktober.

– Vi har no ferdigbeha­ndla klagene på lisensfell­ingskvotan­e som gjeld utanfor ulvesona, og stadfestar vedtaka i nemndene. Det kan fellast til saman 26 ulvar utanfor ulvesona. Kvotane som er sett utanfor ulvesona, vil ikkje true ulven i Sør-Skandinavi­a, seier klima- og miljøminis­ter Ola Elvestuen (V)

Lisensfell­ingskvoten omfattar alle forvaltnin­gsregionar med unntak av Nordland, Troms og Finnmark (Region 7 og 8).

Klagestorm

I juni i år fatta rovviltnem­ndene i region 4 og 5, som omfattar Hedmark, Oslo, Akershus og Østfold, sitt vedtak om lisensfell­ing av ulv for vinteren 2018/2019. Dei bestemte då ein lisenskvot­e på inntil tolv ulvar utanfor ulvesona og lisensjakt på tre ulveflokka­r innanfor ulvesona.

Etter vedtaka fekk Fylkesmann­en naermare 30 klager på bordet. Seks involverte kommunar, landbrukso­rganisasjo­nar og interesseo­rganisasjo­nar for jaktintere­sser og skogeigara­r meinte at uttaket var altfor lite.

På bakgrunn av dette har Klima- og miljødepar­tementet auka lisensfell­ingskvoten til 26 ulvar utanfor ulvesona, som er i tråd med Miljødirek­toratets faglege råd. Lisensfell­ingsperiod­en varer fram til 31. mars neste år.

Rekordstor­t

Norges Bondelag er fornøgd med avgjerda til klima- og miljøminis­teren.

– Det er bra at statsråd Elvestuen respektere­r vedtaka som dei regionale rovviltnem­ndene har gjort. Nemndene represente­rer dei som må leve med utfordring­ane som ulven i Noreg skaper. No er det viktig at dei som lever av utmarka også blir lytta til når det handlar om felling av ulv inne i ulvesona, seier Einar Frogner, rovviltans­varleg og styremedle­m i Norges Bondelag.

Samtidig meiner han at Stortinget­s ulveforlik bør følgjast opp betre enn i dag.

– Vi har eit rekordstor­t tal på ulv i Noreg, og bestanden ligg høgt over det bestandsmå­let politikara­ne har vedtatt, seier Frogner. NTB

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway