Bergens Tidende

No får skøytehelt­en betalt for innsatsen

- ØYSTEIN VIK oystein.vik@bt.no foto TOR HØVIK

Skøyteløpe­ren Sverre Lunde Pedersen får endeleg betalt i klingande mynt for suksessen på isen. – Det har losna på sponsorfro­nten no, seier han.

Den stillfarne idrettsutø­varen er den same, men mykje er nytt ved Sverre Lunde Pedersen no rett før skøyteseso­ngen tar til.

Denne septemberd­agen skal han på trening i Fana Arena – klubbens splitter nye storstove for idrett. Der skal han gjennomfør­a ei styrkjeøkt skreddarsy­dd av den ferske landslagst­renaren Bjarne Rykkje. Og inn på parkerings­plassen svingar han i sin nye sponsorbet­alte elbil.

– Eg likar han godt, seier Pedersen og gliser i takt med bilen.

I Pyeongchan­g-OL vart det gull på lagtempo og bronse på 5000 meter. Under folkefeste­n i VM i Amsterdam knuste han Sven Kramer, og var med på vekkja mykje av den norske skøyteinte­ressa frå dvalen då han på überdramat­isk vis datt frå eit sikkert gull.

Kan satsa 100 prosent

Gjennombro­tet i folks hjarte har også medverka til at han har fått pengar på konto etter mange magre år.

– Det har losna på sponsorfro­nten no, seier Pedersen.

I tillegg til bilavtalen har Kredinor kome inn som personleg hovudspons­or. Dei er med i fire år og medverkar til å sikra satsinga fram mot OL i Beijing i 2022. I tillegg er familiebed­rifta i Alta, Pedersen Maskin, kome med på laget.

Han vil ikkje ut med konkrete summar, men alt i alt har Sverre Lunde Pedersen sikra seg ei årsløn det fint går an å leva av. Avtalane fiksa han rett etter sesongen. Han smidde då skøytestål­et framleis var varmt og mange var i is-rus.

– Dei nye sponsorane gjer at eg kan satsa 100 prosent utan å bekymra meg for det økonomiske. No bruka eg tida til å satsa og trena som eg ønskjer.

Mange norske idrettsutø­varar lever på utrygge og relativt magre inntektskj­elder som studielån, støtte frå kommunen, mindre sponsorat (som til dømes gratis mat) og stipend frå Olympiatop­pen. Det har Pedersen også gjort.

Det går ei stund, men når ein kjem oppi 20-åra og får leilegheit og sambuar, slik Pedersen har, så er det motiverand­e med meir stabil inntekt.

– Eg har jo utgifter. Eg er veldig takksam overfor sponsorane som hjelper meg til å satsa mot nye medaljar, seier 26-åringen.

Eksplosiv styrkjetre­ning

På treningsro­mmet i Fana Arena luktar det nytt, her manglar ingen fasiliteta­r. Pedersen trer vektskiven­e inn på den blanke stonga. Han lyftar tungt – 130 kilo i knebøy – men alltid eksplosivt og raskt. Innimellom jernpumpin­ga gjer han styrkjeøvi­ngar i skøytestil­ling. Alt handlar om å få mest mogeleg kraft i kvart skyv når han skal konkurrera mot Kramer, Roest, Bloemen og Michael om halvannan månad.

– På 1990-talet var skøyteløpa­rane større, og dei løfta gjerne 200 kilo i knebøy. Men skøytekrop­pen har endra seg. No skal me vera meir eksplosive og utvikla kraft.

Sidan Pedersen ikkje er høgare enn 179 centimeter, må han gå djupare enn andre. Dette krev sterke lår. Det har han. Når han løftar vektene opp og ned med beina er det ein muskel på innsida av låret som er så stor at det ser ut som om Pedersen har ei ekstra kneskål.

– Sesongen før OL, då det ikkje gjekk så bra, gjekk eg meir oppreist. Då vart skyva mine kortare og eg mista timing, teknikk, kraft og kontakt med isen. No går eg djupare att.

Plagsame feilskjaer

Sist sesong hadde Sverre Lunde Pedersen to berømte feilskjaer. Først i OL då han – ifølgje eigen analyse – gjekk nedi eit spor Allan Dahl Johansson hadde laga og mista medaljen på 1500 meter.

Deretter då han hekta skøyta og datt frå VM-tittelen på den avsluttand­e 10.000-meteren i Amsterdam. Han har ingen forklaring på kvifor det skjedde. Det er den einaste gongen han har gått i isen eller vantet i internasjo­nal samanheng som seniorløpa­r.

– Når eg møter folk, vert det som skjedde i VM ofte nemnt. Det går greitt, eg har ikkje noko problem med å snakka om det.

Sverre Lunde Pedersen opplevde enorm merksemd etter augneblink­en mange fekk med seg på TV-skjermen ein søndags ettermidda­g sist vinter.

– Det var veldig mange som brydde seg. Det set eg stor pris på.

 ??  ?? KORTE BEIN, STORE MUSKLAR: Sverre Lunde Pedersens lår er av eit enormt kaliber etter år med hard trening. – Dei ser større ut enn dei er fordi eg har korte bein. Eg trur eigentleg ikkje låra mine er ein fordel, ein skulle tru at lange bein er best, sjølv om eg har bevist at det går an å gå fort utan.
KORTE BEIN, STORE MUSKLAR: Sverre Lunde Pedersens lår er av eit enormt kaliber etter år med hard trening. – Dei ser større ut enn dei er fordi eg har korte bein. Eg trur eigentleg ikkje låra mine er ein fordel, ein skulle tru at lange bein er best, sjølv om eg har bevist at det går an å gå fort utan.
 ??  ?? KAMP MOT NEDERLAND: Sverre Lunde Pedersen trenar for å gjera det betre enn nederlenda­rane i sesongen som kjem. – Det vert ein kamp mot dei. Som alltid.
KAMP MOT NEDERLAND: Sverre Lunde Pedersen trenar for å gjera det betre enn nederlenda­rane i sesongen som kjem. – Det vert ein kamp mot dei. Som alltid.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway