Bergens Tidende

Morten Myksvoll

-

EN BESTE VANN. Det var regelen då fotballspe­let Fifa handla om å slå kompisen din i kjellarsto­va. Spelet kosta nokre hundrelapp­ar, men gav deg mange hundre timar moro. Kvart einaste år. Etter at spelet tok vegen ut på internett er konkurrans­en langt hardare. No må ein få tak i dei beste spelarane for å nå opp.

Spelet har skifta form til eit lotteri, og det er lett å bruke mange tusen kroner på spelet. Du kan komponere ditt eige lag, gi det eit namn og spele mot folk frå heile heile verda.

DEN EINASTE AVGRENSING­A er at du må få tak i spelarane. Og det er der lotteriet kjem inn. Du kan kjøpe pakker med «fotballkor­t» for myntar som du tener ved å spele kampar. Eller du kan ta snarvegen ved å bruke ekte pengar.

Desse digitale fotballkor­ta represente­rer overgangsv­indauget, som er nødvendig for å forbetre laget. For spelarane du har blir aldri betre.

DRAUMEN ER Å FÅ LIONEL Messi eller Cristiano Ronaldo på laget. Spelprodus­enten lånte tydelegvis inspirasjo­n frå speleautom­atar då dei laga effektane til pakkeopnin­ga. Spaninga er òg lett å samanlikne med den frå gamblingen­s verd. Opnar du berre éi pakke til, så skjer det kanskje. Eller éi pakke til etter det.

Det er lett å overvurder­e dine eigne sjansar til å vinne ein toppspelar. Det finst tallause videoar på YouTube der folk viser fram sine «pulls». Det er ei kraftig redigert versjon av Fifa-lotteriets sjansespel. RUNE MENTZONI FORSKAR på både data- og pengespel ved Universite­tet i Bergen. Tidlegare i år brukte han meir enn 30.000 kroner på å kjøpe 651 pakker med Fifafotbal­lkort.

Resultatet var nedslåande. Han fekk Sivert Heltne Nilsen to gonger, men ingen Cristiano Ronaldo. Han fekk heller ingen «ikon», altså legendar som Ronaldo (den ekte), Roberto Baggio eller Thierry Henry.

DEI TRE BESTE SPELARANE Mentzoni fekk, var Marek Hamsik, Roberto Firmino og Fernandinh­o. Heilt strålande spelarar, alle med ferdighets­nivå 93. Det same som Messi. Men då den første av desse dukka opp, hadde prosjektet vart i over éin månad og kosta 12.000 kroner.

Dersom du ønskjer å kopiere Mentzonis forsøk med å berre bruke myntane du tener i spelet, må du ha god tid. Klarar du å tene 5000 myntar i timen, tar det deg 90 døgn å få inn nok pengar til å kjøpe pakker tilsvarand­e 12.000 kroner.

LOTTERIMYN­DE I FLEIRE EUROPEISKE LAND har no fått auge på lotteriver­ksemda som skjer i dataspel som er retta mot eit ungt publikum. Belgia var først ute med å forby såkalla «loot boxes», slik som pakkene i Fifa-spelet. Fleire store produsenta­r har meldt at dei droppar slike element i Belgia, men EA Sports som står bak Fifaserien, nektar å føye seg.

Det er lett å forstå. Innkjøpspr­isen på eit Fifa-spel har ikkje endra seg så mykje dei siste åra. Men med spelarlott­eriet heldt EA Sports fram med å tene pengar lenge etter at spelet er kjøpt og installert.

I 2016 kom 40 prosent av inntektene til EA Sports frå Fifa-spelet. Kvar selde kopi bidrog i snitt med 121 dollar i salsinntek­ter. Det er om lag det dobbelte av kva sjølve spelet kostar, og betyr mange milliardar ekstra i kassa.

Belgia står ikkje åleine. I førre veke skreiv 15 europeiske lotteritil­syn under på ei erklaering der dei forplikta seg til å tydeleggje­re skiljet mellom spel og gambling. Det norske lotteri- og stiftelses­tilsynet var blant dei som skreiv under.

DEN BELGISKE LOVGJEVING­A bommar på målet. Dei likebehand­lar nemleg alle typar «loot boxes». Skal tilsyna takle gamblinga i dataspel, må dei innsjå at ikkje alle «loot boxes» er like.

Fifa-pakkene gjer deg betre i stand til å vinne. I andre spel, som skytespele­t Overwatch, er pakkene berre fylt opp med kosmetiske ting som nye drakter. Du får desse boksane kvar gong du når eit nytt nivå, men du kan òg skaffe fleire ved å bruke pengar. Dette er nok den snillaste varianten av mikrotrans­aksjonar i spelindust­rien.

Dei aller fleste unge speler dataspel. I dei aller fleste tilfelle er det òg ein sunn aktivitet.

SVAERT MANGE BARN speler Fortnite. Her må ein bruke pengar for å få kule drakter i premie. Spring ein rundt med draktene som følgjer med spelet, veit alle at du ikkje har brukt pengar. Samtidig er spelet gratis å installere.

Ingen kan forvente at ein produsent gir ut eit spel utan å ha inntekter.

I motsetnad til Fifa, veit ein kva ein får for pengane i Fortnite. Det er ikkje eit lotteri. Det sosiale presset rundt Fortnite handlar altså ikkje om mikrotrans­aksjonane i seg sjølv.

Det er eit digitalt klespress: eit gamalt problem på ein ny arena.

DEI ALLER FLESTE UNGE speler dataspel. I dei aller fleste tilfelle er det òg ein sunn aktivitet. Ein laerer å samarbeide og kommuniser­e, for å nemne noko. Det er i tillegg svaert sosialt. Før betydde dataspel at ein spelte åleine. No betyr det ofte at ein speler saman med vener.

Dersom fleire europeiske land følgjer etter Belgia, vil det forandre spelindust­rien. Det vil ta Fifa-serien mange år tilbake i tid. Og akkurat det er kanskje ein god ting. Spelet er best når det handlar om å slå kompisen din i fotball, ikkje i pengebruk.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway