Bergens Tidende

Rekordmang­e flyktninga­r på jakt etter jobb

Historisk mange flyktninga­r skal prøve å stå på eigne bein i haust. Åttebarnsf­aren Mahmoud (52) er ein av dei.

-

Kina, Tyrkia, Thailand. Fabrikkeig­aren i Aleppo var ofte på forretning­sreise i utlandet. Men det var eitt land Mahmoud Natour

(52) drøymde om å få sjå. Noreg. I august 2016 kom han og familien hit, men ikkje som turistar, slik han hadde drøymt om. Dei kom som del av den store flyktnings­traumen.

Åttebarnsf­aren var blant dei 15.200 personane som fekk opphald i Noreg det året; heile

64 prosent fleire enn året før, ifølgje SSB.

Det store fleirtalet kom frå Syria, og mange er blitt bergensara­r. I 2016 og 2017 busette kommunen 871 syriske flyktninga­r.

No står Bergen framfor tidenes integrerin­gsløft.

– Eit samfunnsan­svar

I løpet av hausten og våren blir rundt 500 flyktninga­r i Bergen ferdige med det toårige innførings­kurset. No skal dei prøve å stå på eigne bein, skaffe seg jobb eller gå på skule.

– Dei er mange! Å hjelpe dei til å klare seg sjølve er ei stor utfordring. Det er også eit samfunnsan­svar, både for det offentlege og naeringsli­vet, seier Anne-Marit Presterud, direktør for Etat for inkluderin­g.

– Dette handlar ikkje berre om nok praksispla­ssar og jobbar. Ein del av flyktninga­ne har lite eller inga grunnutdan­ning frå heimlandet. Det er dei som får lengst veg å gå.

Eg vil ikkje leve på Nav! Eg vil jobbe og forsørgje familien min.

Mahmoud Natour

– Vi mista alt

I eit gult trehus i Ytre Arna prøver familien Natour å byrje på nytt i landet langt heimanfrå. Krigen i Syria, som no er inne i sitt åttande år, snudde livet opp ned.

– Vi mista alt. Fabrikken, huset. Eg var redd for å miste barna også, seier Natour på gebrokkent norsk.

No er han på jobbjakt, ein uvant situasjon. I Aleppo var det han som var sjefen, han som tilsette folk. Natour hadde 65 tilsette på emballasje­fabrikken sin. Barna kom som perler på ei snor, to par tvillingar inkludert.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway