Bergens Tidende

Syriske flyktninga­r i Noreg

-

Frå å vere ei svaert lita gruppe på vel tusen personar i 2010, var 27.400 innvandrar­ar frå Syria busette i Noreg ved årsskiftet.

Rekordmang­e kom i november 2015. Tre av fire var menn, truleg på grunn av farlege fluktruter.

Syrarane er busette i 399 av landets 422 kommunar, og svaert mange bur i store hushaldnin­gar med fem personar eller fleire.

67 prosent har grunnskule som høgaste fullførte utdanning, og kring

25 prosent har utdanning på universite­ts- eller høgskuleni­vå. 2 prosent har ikkje utdanning.

Det er tøft å byrje heilt på nytt når alt er ukjent og vanskeleg å forstå. Ikkje berre språket, men samfunnet, byråkratie­t, reglane.

– Eg skjønte ingenting då vi kom. Det første året berre forsvann, seier pappa Natour.

Eigentleg skulle han byrje rett på introduksj­onskurset, men så var det alle barna under 18 år. Dei byrja på fem ulike skular og hadde behov for oppfølging.

– Eg laerte ingenting første året. Det var så mykje anna.

– Vil ikkje leve på Nav

Heime i stova trør barna ofte til for å hjelpe pappa med norske ord. Språket er den største utfordring­a for Natour, som for flyktninga­r flest. Aller helst vil han gå eit år ekstra på kurs for å bli betre i norsk, men har fått avslag.

Fram til jul har han fått praksispla­ss hos emballasje­produsente­n Bergen Plastics. Finn han seg ikkje ny jobb etterpå, blir han overført til Nav.

– Eg vil ikkje leve på Nav! Eg vil jobbe og forsørgje familien min, helst som sjølvstend­ig naeringsdr­ivande. Eg har mange tankar og idear om kva eg kan gjere.

Natour-familien er typisk for den syriske levemåten i Noreg. Dei bur i store hushaldnin­gar med fem personar eller fleire. Men sjølv om ekteparet har fem barn under 18 år, får dei berre støtte for tre.

Ifølgje Natour skal det ha skjedd ein feil då familien kom i 2016. Mohmmed og Ahmed vart ikkje registrert­e som medlemmer av Natour-familien. Far er fortvilt over den uavklarte situasjone­n.

– UDI tviler ikkje på at dei er våre søner, men Folkeregis­teret vil ikkje godta opplysning­ane. Den einaste løysinga er DNAtest. Det tek vi gjerne, men vi må betale sjølve, og det kostar 4000 kroner. For oss er det mykje pengar.

«Made in Norway»

Den eldste dottera, Aya, har gifta seg og flytta ut. Resten går på skule. At barna skal ta utdanning og klare seg i sitt nye heimland, er aller viktigast for foreldra. Natour prøver å sjå framover.

– Vi ønskjer å stå på eigne bein, klare oss sjølve og skape ei framtid her. Vi er så takknemleg­e for alt vi har fått og vil så gjerne gi tilbake. Draumen min er å produsere noko det står «Made in Norway» på – som ein takk til Noreg.

 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway