Bergens Tidende

Djupdykk i norsk hiphop

-

Øyvind Holen har skrive ei stor og litt ufokusert bok om hiphopland­et Noreg.

BOKA «NYE HIPHOP-HODER» av D2journali­st Øyvind Holen handlar om norsk hiphophist­orie etter tusenårssk­iftet.

Holen har tidlegare skrive om norsk hiphops spede start på 1980- og 1990-talet i «Hiphop–hoder» og pionerar som Tommy Tee, A-Team og Gatas Parlament.

Den nye hiphopgene­rasjonen, med artistar som Karpe Diem, Cezinando og Lars Vaular, har ikkje berre teke ein kultur frå undergrunn til toppen av poplistene, men også endra Noreg på vegen, hevdar Holen i den nye boka.

Dette er ein dryg påstand, som eg skulle ønskt eit meir analytisk blikk på og eit meir konsistent fokus på gjennom bokas nesten 400 sider.

HOLENS STYRKE LIGG I det empiriske arbeidet. Han har kartlagt feltet godt, og får fram stemmene og enkelthist­oriene til den nye generasjon­en på grundig og til dels morosamt vis.

I klassisk journalist­isk stil tar ikkje Holen mykje plass sjølv i boka, han lét artistar og andre (ekspert)kjelder kome med betraktnin­gane og analysane.

Den nøytrale journalist­rolla fungerer godt innleiings­vis, når Holen fortel om Holmlia og drapet på Benjamin Hermansen.

Hiphopkult­uren blomstra aust i Oslo i kjølvatnet av tragedien. Artistar som Pumba, Nico&Vinz, Arif og Kameleon fortel om drapet som eit vendepunkt og ei oppvakning.

Tankar frå desse kring innvandrin­g, integrerin­g og utanforska­p gir kraft og kontekst til forteljing­ane. Her er boka på sitt beste og lever opp til forteljing­a om det «nye» Noreg.

KAPITTELET OM KARPE (DIEM) – som framfor nokon symboliser­er spranget frå undergrunn til overflate – startar med gruppas innslag på ein minnekonse­rt for Arve Beheim Karlsen.

Den indiskfødd­e 17-åringen drukna i 2004 då han flykta frå ein gjeng som ropte «drep negeren».

Karpes multikultu­relle røter fungerer også samlande etter 22. juli, og tesen til Holen om at hiphop har endra Noreg held enn så lenge vatn.

UNDERVEGS I BOKA misser denne forteljing­a litt av tråden. Bokas overordna påstand blir til dels rotete kronologis­k fortalt. 31 kapittel kjennest overveldan­de og unødvendig oppstykka.

Holen tar oss med til miljøa i Stavanger, Bergen, Trondheim og Nord-Noreg, innimellom avstikkara­r til utlandet og norske artistar som erobrar popmusikkv­erda.

Ein del av dette kjennest som pløgd mark. Difor skulle eg i større grad sett Holen sjølv ta plass i teksten og meine noko som deltakar og betraktar.

Hans lange fartstid som musikkjour­nalist skulle gjere han til ein kvalifiser­t person sjølv, framfor å lene seg på altfor mange andre kjelder. DET ER AUGNEBLINK­AR der Holen trer fram som meiningsbe­rar, som når han forklarer appellen og kvalitetan­e til rap/r&b-artisten Unge Ferrari. Men altfor ofte druknar meiningane i «talking heads».

Eit gjennomgåa­nde formgrep som Holen nyttar, er å lage scener og språklege bilete der rytmen brått vert broten opp av eit sitat. Tidvis får desse sitata eit preg av lanserings­intervju, og seier lite om den overhengan­de forteljing­a.

Eit strammare redigering­sarbeid hadde difor vore på sin plass. Den definitive boka om norsk hiphop er enno ikkje skriven.

Musikkanme­lder

 ?? ARKIVFOTO: BÅRD BØE ?? LARS VAULAR: Den nye hiphopgene­rasjonen, med artistar som Karpe Diem, Cezinando og Lars Vaular, har ikkje berre teke ein kultur frå undergrunn til toppen av poplistene, men også endra Noreg på vegen, hevdar Holen i den nye boka.
ARKIVFOTO: BÅRD BØE LARS VAULAR: Den nye hiphopgene­rasjonen, med artistar som Karpe Diem, Cezinando og Lars Vaular, har ikkje berre teke ein kultur frå undergrunn til toppen av poplistene, men også endra Noreg på vegen, hevdar Holen i den nye boka.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway