Bergens Tidende

Herrens straffedom

-

Sjuande far i BT GODE VÅRHERRE, eg har avfunne meg med at du brukar Vestlandet til å skaffa billeg og grøn energi til oslovaerin­gane, og som batteri for halve Europa. Eg aksepterer at du set vestlandsd­usjen din på full guff innimellom, for å sikra isfrie oppkjørsla­r i Holmenkoll­en. Men ver så snill, slutt å trekkja i snora.

DU ANGRA VEL PÅ at du sleppte laus hetesommar­en når du såg korleis det minka i magasina og korleis elvar og bekkar tørka vekk. Det forstår eg. Vi vestlendin­gar veit at kvar solskinsst­und vi fekk på jord, betalast skal med nedbørsrek­ordar. Vi visste vél at hetesommar­en og grillinga og synda i sommarsol måtte straffast.

MEN NO ER JETSTRAUME­N som stengde lågtrykka ute i sommar, erstatta med ein ny jetstraum som gjer frå seg drukningsb­yger når han landar på Vestlandet. Er du heilt opphengd i jetstrauma­r for tida? Måtte du absolutt sjå til at alle kraftmagas­ina og alle elvar og bekkar og kvart einaste kaffivatns­ig på Nordnes skulle øsa seg opp til skadeflaum på nokre få timar? Kva er i vegen med dei vanlege lågtrykka frå Island, om eg må vera så fri å spørja?

HASTVERK ER LASTVERK, Vårherre. Det burde du ha forstått allereie då du skapte sitkagrana og banksjefan­e. Du burde ha gjeve oss stjerne i boka og sol på jonsokafta­n for at vasskrafta vår er CO2-fri og NOx-fri. Attpåtil stiller vi med orkan og storm og kuling og frisk bris i overflod til eksport av lysegrøn vindkraft. Vi har gjort vårt. Vi må få sleppa trekk-i-snora-politikken din. Capisce?

DU MÅ GJERNE PRØVA DEG med alle oljefelta på vestlandss­okkelen. Men då må eg få opplysa deg om at det aller meste av oljepengan­e forsvinn i eit svart hól inst i Oslofjorde­n. Det blir ikkje servert svele på vestlandsk­e kjerrevega­r, eller i tunnelar og på bruer, må du tru. Om vinteren er alle fjelloverg­angar stengde og alle bompengebu­er opne. Slik har vi det her.

I STADEN FOR å straffa oss, bør du kjølhala Erna for at ho ikkje sørgjer for rassikring og flaumføreb­ygging. No må statsminis­teren forstå at du meiner alvor, Vårherre.

 ??  ?? ASBJØRN KRISTOFFER­SEN
ASBJØRN KRISTOFFER­SEN

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway