Bergens Tidende

– Vi levde omtrent som grevar og baronar på barneheime­n

For meir enn 60 år sidan var det heimen til Gunnar Johan Henriksen (78) og Thorvald Wichne (76). Søndag var kameratane attende i det som er Universite­tets nye storstove på Milde.

-

eGunnar Johan Henriksen hugsar første dagen godt. Han kom med båt til Flesland. Han var 13 år gammal.

– Eg var så flau. Det var ei forferdele­g oppleving. Eg låg flat bak i bussen som skulle køyre oss frå Flesland opp til Lønningen. – Kva var du flau for?

– Nei, det veit eg ikkje den dag i dag.

– Du var alltid flau! For alt mogeleg!

Kamerat Thorvald Wichne ler høgt. Han var to år yngre, og budde her og – i eit stort, kvitt hus, bygd som lystgard på 1770talet, og frå 1916 tatt i bruk som barneheim.

For skular og barnehagar

Søndag var dei to attende i det same huset – ikkje på Lønningen, men sju kilometer lenger sør, på arboretet på Milde.

– Huset er akkurat slik eg hugsar det. Heilt likt. Det er fenomenalt, seier Thorvald Wichne.

Anlegget på Lønningen kom i vegen for Avinors flyplasspl­anar, og Fylkeskons­ervatoren forlangte at det verneverdi­ge huset måtte takast vare på.

Dermed gjorde Avinor i 2015 avtale med Universite­tet i Ber-

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway