Bergens Tidende

Reint hav er viktig for Noreg

Regjeringa­s satsing mot plast i havet er god bruk av pengar.

-

FISKERINAS­JONEN Noreg har ei djup eigeninter­esse av reine hav. Difor er det fornuftig når regjeringa dei neste fire åra vil bruke 1,6 milliardar kroner til kampen mot marin forsøpling og plast i hava.

Erna Solberg lanserte satsinga på det første høgnivåmøt­et om hav og naeringsli­v i New York i førre veke. Den første løyvinga på 400 millionar kjem i statsbudsj­ettet for neste år, som blir lagt fram i neste veke.

PLAST ER EIT av dei største trugsmåla mot verdas hav. Kvart år aukar plastmengd­a i hava med åtte millionar tonn. Held det fram slik vil det vere meir plast enn fisk i hava i 2050.

Utviklinga har fått halde på i lang tid, utan noka saerleg merksemd. Men det har endra seg dei siste åra. For mange vart problemet tydeleg då ein gåsenebbkv­al døydde på ei strand på Sotra, med magen full av plast.

I tillegg til dei lidingane plasten skaper for skapningar i havet, er ureininga ei utfordring for fiskerinae­ringa. Det er ikkje påvist at plast som fisk får i seg ureinar fiskekjøte­t. Men det kan ikkje utelukkast at det skjer. Difor er det òg viktig for fiskeri- og oppdrettsn­aeringa at det blir gjort noko med problemet.

DET ER VIKTIG at regjeringa følgjer bruken av pengane tett, for å sikre at satsinga faktisk gjev resultat.

Ifølgje utviklings­minister Nikolai Astrup (H) skal ekstramidl­ane gå til spesifikke tiltak, som å betre søppel-systema i utviklings­land.

Det trengst. 95 prosent av plasten i havet kjem frå ti store elvar, der åtte er i Asia og to i Afrika, ifølgje ei undersøkin­g som vart publisert i fjor. Sjølv om det er prisverdig å plukke plast på norske strender, vil ein ikkje få gjort noko saerleg med problemet utan å gå laus på desse kjeldene. MILLIONANE i statsbudsj­ettet kjem på toppen av det arbeidet regjeringa allereie har gjort, som pådrivar internasjo­nalt. I desember i fjor fekk til dømes Noreg med seg 170 land på å gå gjennom internasjo­nale regelverk og avtalar. Målet er å plikte land til å kjempe mot marin forsøpling.

At Noreg smørar denne prosessen med å betale for konkrete tiltak er fornuftig.

Held det fram slik vil det vere meir plast enn fisk i hava i 2050.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway